Det sovjetiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det sovjetiske riksvåpenet 1958-1991, dekorert med mellom anna kornaks, hammar og sigd.

Det sovjetiske riksvåpenet er eit merke som blei brukt som riksvåpen i Sovjetunionen frå 1923 og med mindre variasjonar fram til unionen braut saman i 1991. Det var eit førebilde for mange andre sosialistiske symbol.

Skissa til riksvåpenet blei vedteken i det øvste sovjetet 6. juli 1923, og innlemma i grunnloven av 1924. Der heitte det:

«Sovjetunionen sitt statsemblem framstiller ei sigd og ein hammar på ein jordklode innhylla i solstråler og innramma av kornaks, med inskripsjonen «Arbeidarar i alle land, samein dykk!» på seks språk: russisk, ukrainsk, kviterussisk, georgisk, armensk, og tatartyrkisk. Øvst i emblemet er det ei femtakka stjerne

Då ein ny grunnlov blei vedteken i 1936 var unionen blitt utvida til elleve statar. Våpenet fekk då elleve band, med innskrifter på dei opphavlege seks språka pluss aserbajdsjansk, usbekisk, tadsjikisk, kasakhisk og kirgisisk. I 1940 gjekk talet på statar opp til 16, og i 1946 fekk riksvåpenet ei ny utforming som reflekterte dette då fem nye bånd med estisk, latvisk, litauisk, moldovsk og finsk blei lagt til. Det sekstande bandet med finsk tekst blei fjerna igjen i 1956 då Karelsk-finske SSR blei gjeninnlemma i russisk SSR.

Førebilde[endre | endre wikiteksten]

Det sovjetiske riksvåpenet blei førebilde for våpena til dei fleste kommunistiske statar som blei oppretta i etterkrigstida. Desse symbola er kjenneteikna av eit sentralt felt med eit nasjonalt eller politisk symbol, innramma av to samanbundne kornnek eller greiner som viser til grøde frå landbruket.Også Italia innførte eit statssymbol av same type då kongedømet blei erstatta med republikk.

Etter at kommunistregima i Aust-Europa braut saman kring 1990, har alle avskaffa dei sovjetinspirerte statssymbolea, og dei fleste har gjeninnført tradisjonelle heraldiske riksvåpen, ofte identiske med symbol frå førkrigstida. Også den viktigaste etterfølgjarstaten til Sovjetunionen, Russland, har gjeninnført dei heraldiske symbola frå før 1917. Kviterussland innførte etter oppløysinga av Sovjetunionen eit heraldisk riksvåpen (i prinsippet identisk med det litauiske), men gjekk i 1995 tilbake til statssymbolet og flagget frå sovjettida.

Laos, Mosambik og Tadsjikistan er døme på statar som framleis bruker sovjetinspirerte statssymbol.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]