Ecuadoriansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ecuadoriansk historie handlar om historia for territoriet som utgjer dagens ecuadorianske stat. Økologiske og topografiske forhold i området var eit hinder for tidleg integrasjon, så ulikskap i språk, trusspørsmål og levevis vart framdyrka. Dette hindra ikkje handelssamkvem mellom folkeslag i dei ulike regionar. Det opphavlege namnet for statsdanning var Quito, det som er kalla det første store kongeriket Quito vart skipa ein gong på 1300-talet. Grensedraginga for den moderne staten Ecuador har vore eit konfliktfylt emne fram til 1998 då ein fredsavtale med Peru kom i stand. Ecuador fekk då ein kvadratkilometer av Peru i Amazonasregionen (Oriente) i sør og grensa vart endeleg fastlagd. Den førkolumbiske historia i området som no er Ecuador har ikkje vore omfatta med same interesse som for nabolandet Peru, og kjeldene for det som er skrive om menneskeleg verksemd i Ecuador i denne tidsbolken har ikkje same pålitande som frå tida etter spansk kolonisering.

Ingapirca monument frå inkatida.
(Foto: Delphine Ménard)

Geografitermar[endre | endre wikiteksten]

Ein deler landet grovt inn i tre regionar eller soner:

  • La Sierra er ei nemning på høglandet i Andes som deler landet på langs, dette er ei ca 100 kilometer brei stripe frå nord til sør, ligg meir enn 1000 moh., og store delar over 3000 moh. Sierra har hatt dei største konsentrasjonar med folk i Ecuador rundt dagens byar Quito, Cuenca, Riobamba og Ambato. Område er vulkansk og det har vore godt jordbruksland.
  • La Costa er ei nemning på kystområdet vest for Sierra, sona er over 100 kilometer brei nord for Guayaquil. Det meste ligg under 200 moh., nær ein tredel av området, nærmast Guayaquil, er flatt og ligg særs lågt, under 100 moh.
  • El Oriente er ei nemning på det lågtliggande området dekt av regnskogen i Amazonas aust for Sierra. Sjølv om dette er regnskog er terrenget relativt kupert. Det aller meste av denne sona ligg på ei høgd mellom 200 og ca 1000 moh. Sona har særs liten folketettleik.

Førkolumbisk[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at dei første menneske levde i små grupper som jegerar og samlarar i Sierra. Nær Quito har ein gjort funn av buplassar som er rekna å vere ca 10 000 år. Arkeologiske funn etter valdiviakulturen i Loma Alta i (ca år 3500 f. Kr.) kan vere dei eldste spor av kulturell aktivitet med spesialisert produksjon og arbeidsdeling ein finn i Ecuador og i heile Sør-Amerika. Ein veit at Sierra-regionen tidleg tente som ein møteplass og eit vegkryss for handel og anna kontakt mellom folk frå Oriente og Costa-regionen. Cerro Narrío nær Cuenca kan ha vore eit slikt handelssenter frå kring år 2000 f. Kr. Ei lett handelsrute følgde Pastazaelva og Panteelva ned til Amazonasbassenget.

Det må ha vore tidleg handel med Mesoamerika; yuca (maniok) og mais er innført derfrå.

Seinare kom andre kystkulturar som tolitakulturen (ca år 300 f. Kr til 400 e. Kr.). Mantakulturen (ca år 500 til 1500 e. Kr.). var konsentrert nær dagens Manta i Manabíprovinsen og dreiv handelsverksemd med det sentrale Peru i sør og vestlege Mexico i nord. Thor Heyerdahl har funne prov for at folk frå Sør-Amerika har vitja Galapagosøyane i førkolumbisk tid, og det har vore gjort framlegg om at det kan vere folk frå manta som gjorde slike sjøreiser.

Om kystkulturane visna meir og meir bort kom det opp kraftfulle kulturar i høglandet fram mot 1400-talet. Cañari er folket i sør kjent for framståande metallarbeid i gull og sølv, ofte med figurar som framstiller dyr frå jungelen i Amazonas. Dessutan finst fint pottemakeri frå cañari. Geografisk låg området for deira kultur i delar av det som i dag er provinsane Chimborazo, Cañar og Azuay, med eit senter i Guapondeleg (Tomebamba i inkatida) nær Cuenca.

Lengre nord oppstod caraskulturen rundt år 1000 som bygde observatorium for sol og måne. På 1300-talet var dei styrt av shyrifamilien og gjekk saman med duchicelafamilien frå puruhaskulturen frå området ved dagens by Ambato og danna kongeriket Quito.

Omtrent eit hundreår seinare (ca. år 1455) starta inkariket ekspansjonen nordover frå Peru og inn i Sierra-regionen av Ecuador kor inkahæren gjekk i ein 17 år lang brutal konfrontasjon med cañarifolket. Cañari vart berre eit mellombels hinder på vegen mot Quitoområdet. Det var Túpac Yupanqui som starta ein like langvarig kamp om Quito, og byen fall endeleg for inkahæren i 1492 under etterfølgjaren Huayna Capac. Ekspansjonen nord til grensa av dagens Colombia var over i 1495. Med det vart delar av Ecuador innlemma i Tawantinsuyu, likevel regner ein berre Sierraregionen som fullt integrert og det var stadige oppblomstringar av opprør heilt fram til spanjolane kom. Inkastaten hadde ein minimal innverknad på folk og samfunn i Oriente.

Inkatida kom til å vare i berre ca 40–50 år i det sentrale Ecuador, noko lengre i sør og kortare i nord. Resultatet vart ein spreiing av kulturen frå sør, med språket quechua, dyrkingsmetodar, nye jordbruksprodukt, lama pakkdyr, vegbygging og anna. Ingapirca er det viktigaste byggingsmonument i Ecuador frå inkatida. Koloniseringa vart gjort med bruk av mitimaes, relokering og utveksling av lojale menneske frå Peru. Ein annan type resultat av inkaerobringa var ei markert attendegong i folketalet, spesielt i område kor motstanden mot okkupasjonen var størst som i Otavaloområdet (tidlegare caras) og i sør blant cañarifolket. Til dette kjem andre årsaker til nedgangen i folkesetnaden, epidemiane. Først ein i 1524, mest sannsynleg koppar, deretter meslingar mellom 1531 og 1533. Inka Huayna Capac oppheldt seg i Ecuador i mykje av tida under koloniseringa og fekk mange søner der, mellom anna blei den siste inkaen Atahualpa fødd i Quito. Etter det somme historikarar skriv, delte Huayna riket i to delar. I nord, fekk Atahualpa makta over konkeriket Quito medan Huáscar fekk makta i sør med Cusco som hovudstad. Etter det same kjelder skriv starta borgarkrigen i 1526, eit år før Huayna døydde av kopparepidemien, andre hevdar at krigen starta rett etter bortgangen. Cañarifolket var i sterk opposisjon til Atahualpa og hadde stødd Huáscar i krigen. Atahualpa sigra over Huáscar i 1530.

Spansk erobring[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg inkarikets fall.

Folket på kysten av det som er Ecuador i dag fekk først vitjingar frå spanske ekspedisjonar i 15261527 leia av Francisco Pizarro. Det var då kontakt mellom innbyggjarar frå inkariket og Spania, men nord i Atacamas fann spanjolane eit fiendtleg folk og dei gjekk ikkje i land. Det skulle gå sju år til spanjolane kom for å erobre landet. Etter at den politiske leiaren i landet, inka Atahualpa var fanga og drepen i Cajamarca, var inkahæren i Ecuador framleis innstilt på å forsvare riket. Tidleg i 1534 sette det spanske erobringstoktet inn i Ecuador frå sør med assistanse frå styrkar frå cañari. Det synte seg at motstanden var nyttelaus og Quito vart overgjeven til spansk overherredømme i juni same år.

Spansk kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg spansk kolonialisme i Amerika og den katolske kyrkja i spansk Amerika.

Det finst ikkje mykje nedteikna om kva som hendte dei tretti første år av den spanske kolonitida i territoriet som seinare blei staten Ecuador. I ein tidleg periode var det kampar mellom rivaliserande conquistadorar kor dei erobra folkegruppene heldt seg passive. Gonzalo Pizarro var første guvernør i Quito, innsett under visekonge i Peru frå 1539. Han blei drepen av ein rival. Ein kolonial administrasjon kom opp med hjelp frå kyrkja og encomienda. Om lag 0,5 millionar indianarar vart tvungen til å underkaste seg 2000 kolonistar. Dei spanske kolonistar som kom og slo seg ned tok med seg bufe, framande nyttevekstar og afrikanske slavar inn i landet. Om lag halve folkesetnaden av indianarar kom inn i encomienda, ca ein fjerdedel kom inn i ein annan organisering kalla reducciones, landsbybusettingar som stort sett var kontrollert av kyrkja. Den spanske politiske kontrollen var total i høglandet, svakare i Costa og i Oriente var berre mindre grupper av jesuittar var til stades. Desse gruppene opplevde stadige opprør frå dei innfødde.

Evangeliseringa og konvertering av dei innfødde var ein naturleg del av encomienda og reducciones. Krona hadde forplikta seg ovanfor paven til å spreie kristendomen. Det kan forklare at den katolske kyrkja kom så tidleg i arbeid i landet, synlege monument er San Francisco-klosteret som vart skipa allereie i 1535 og San Francisco-kyrkja som vart den første store katedral i Sør-Amerika. Kyrkja var etterkvart den største landeigar og forvaltar av anna materielle verdiar. Det kom seg av at landeigarar (hacendados) testamenterte eller gav eigedomar til kyrkja. Mange indianarar lét seg kristne av taktiske grunnar, medan andre vart offer for meir brutal framferd. Det vart vanleg å ta ut borna frå familiane for å la dei ta imot katolisismen. Jamvel om det berre var nokre få tusen kolonistar som kom, såg ein ei rask endring av demografien. Dei indianske folkegruppene opplevde stor attendegong i folketal, om langt frå i same mon som etter koloniseringa av Karibia. Nedgangen i folketalet blant indianarane starta i inkatida, årsaka av strid mellom inkastyrkar og innfødde grupper, særleg cañarifolket. Til det kjem store utbrot av epidemiar i åra før kolonitida. Det har vore rekna at folkesetnaden av innfødde i inkariket gjekk ned til ein storleik av 10–25 % av opphavleg storleik i løpet av dei første 50 åra av kolonitida, og utviklinga snudde ikkje før mot slutten av 1700-talet. Til det kjem at ei ny stor sosial gruppe tok til å blomstre tidleg opp: mestisane. Somme har forklara det ut frå vanen som mange prestar hadde med å ta inn indianske kvinner i hushaldet.

Den spanske krona si makt over administrasjonsområdet til visekongen av Peru kom i stand med at conquistadorane fekk tilgang på eit liv i luksus gjennom encomienda. Systemet vart offisielt avskipa med «dei nye lova» frå 1542, men mange meiner det føydalistiske systemet som utnytta indianske arbeidarar i praksis heldt fram gjennom heile kolonitida, om enn i anna form. Mita-systemet som var ei ordning for pliktarbeid under inkaregimet var ført vidare og vart òg kalla obraje ved tekstilproduksjon i Ecuador og repartimiento for landarbeid og gruveverksemd.

Frå 1563 vart Quito-provinsen eit audiencia, ein største politisk eining innanfor visekongedømet Peru kalla Real Audiencia de Quito. Territoriet var langt større enn dagens Ecuador i omfang, men med vage grenser i Oriente.

Som i resten av det spanske Amerika gjorde katolske grupper eit arbeid innanfor utdanning blant innfødde og andre folkegrupper. Frå 1600-talet av fekk byen Quito universitet i det intellektuelle senter som voks opp, det første vart opna av jesuittar i 1621.

Kolonismen på 1500-talet var prega av våpenbruk mellom rivalar, maktkamp mellom kyrkja, spansk sentralmakt og lokale makthavarar, og av nybyggjarar frå Europa som tok land, busette seg og gjorde bruk av innfødde som arbeidskraft i produksjonen. Neste hundreår opplevde audienciaen økonomisk framgang. Framveksten av gruveverksemd i bolivianske Potosí frå ca 1550 fekk innverknad på økonomien i heile visekongedømet, også i Ecuador. Potosí skapte ein tekstilmarknad som særleg Ecuador produserte for og tekstilindustrien kom til å dominere økonomien mot slutten av 1600-talet. Då var over 10 000 tvangsarbeidarar mobilisert i obrajes.

På 1700-talet mista tekstilindustrien verde for landet og heile hundreåret vart prega av depresjon. Etterspurnaden i marknaden gjekk ned, tekstilindustrien i landet var teknologisk tilbakeståande og kunne ikkje tevle i konkurransen på den internasjonale tekstilmarknaden. Til dette kjem intern konkurranse frå jordbruket og hacendados om arbeidskraft på grunn av den bråe nedgangen i folkesetnaden. Hacendados tilbaud eit huasipungo-system som gav kvar arbeidar sin eige jordlapp til produksjon for familien. Ein import av slavar i liten skala løyste ikkje problemet med mangel på arbeidskraft, det vart ikkje løyst før folkesetnaden tok seg opp mot slutten av hundreåret.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg den latinamerikanske frigjeringa frå Spania.

Idear frå den europeiske folkeopplysingstida og revolusjonane i Sambandsstatane og Frankrike kom også til å slå rot i det akademiske Quito. På siste del av 1700-talet kom det ut ei avis Prìmìcìas de la Cultura de Quito som blei del av ein liberalistisk rørsle. Kampen om sjølvstende for Ecuador gjekk føre seg i ein periode på 21 år frå 1809. Framleis var det slik at den spanske krona sette inn spanske borgarar i dei mest sentrale postar i Quito. Ecuadorianskfødde forretningsfolk såg Spania som ei bremse for framtidig utvikling, også andre samfunnsklassar ønskte sjølvstende, ei sterk kraft låg i den intellektuelle eliten og hos borgarskapet i Quito. Samsvarande krefter for frigjering fann ein i store delar av Latin-Amerika slik at frigjeringskampen vart eit felles opprør mot Spania under dei to store frigjeringskarakterane José de San Martín og Simón Bolívar. I oktober 1820 erklærte Guayaquil sjølvstende frå Spania. Den 24. mai 1822 blei Quito frigjort etter ein kamp leia av Antonio José de Sucre mot rojalistane kjent som slaget om Pichincha . Sucre var lojal ovanfor Bolívar. Bolívar var politisk leiar for føderasjonen Storcolombia som vart forma i starten på dette tiåret som kom til å omfemne det som i dag er Venezuela, Colombia, Panama og Ecuador. Føderasjonen var styrt frå Bogotá og rakna allereie i 1830. Etter det vart den suverene staten Ecuador proklamert 24. mai 1830 under den første presidenten, Juan José Flores, ein tidlegare venezuelansk general.

Det frie Ecuador har vore prega av vald og ustabilitet. I hovudsak har ein observert ei polarisering mellom eit liberalt handelsorientert Guayaquil og ein konservativ elite av kreolar i Quito. Rundt første hundreårskifte kom ei liberalistisk rørsle over landet med revolusjonære omveltingar. Om litt vart kyrkje og stat skilt frå kvarandre, det vart innført ytringsfridom og religionsfridom, monopol som bruk av indiansk arbeidskraft vart broten.

Ein fallande marknadsetterspurnad for den lukrative kakaoeksporten var ei av årsakene til at 1920-talet kom med økonomisk depresjon. Frå 1925 til 1948 var det 27 ulike presidentar ved makta. Den andre verdskrig førde med seg inntekter frå ein ny gummiboom og stor etterspurnad etter andre varer som balsa som igjen sette fart i inflasjonen.

Ecuador og Peru hadde ein vedvarande kontrovers om land i Amazonasområdet etter 1802. I 1941 okkuperte Peru området, Ecuador måtte gje frå seg ca 137 tusen kvadratkilometer for ei fredsslutting, men striden var ikkje løyst før ein endeleg fredsavtale kom i stand i 1998. Flatemålet på Ecuador blei redusert med nær ein tredel, somme hevdar at Ecuador har mista omtrent halvdelen av opphavleg territorium til nabolanda.

Frå 1948 kom ei ny oppgangstid med bananboomen. Han førte med seg større grad av stabilitet fram til ca 1960. Perioden etter 1960 var dominert av militær innverknad, og frå 1972 til med styre av ein militærjunta. Frå 1979 har ein hatt demokratisk valt leiarskap i landet, resultat har vore omveltingar i politikk og byråkrati, og ingen større grad av stabilitet. Vekst i oljeinntekter på starten av 1970-talet førte med seg store opptak av utanlandske lån og ei gjeldskrise på 1980-talet.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Ecuador har gått inn i ein avtale med Sambandsstatane om å gje løyve til Sambandsstatane til å nytte lufthamna i Manta som base for overvakingsflygingar mot narkotikatrafikk. Avtalen var ein av mange forhold som reiste folkeleg motstand mot den valte presidenten i landet, Lucio Gutiérrez. Den 20. april 2005 måtte Gutiérrez rømme frå landet etter sterke demonstrasjonar og motstand i kongressen. I oktober kom han tilbake til Ecuador kor han straks blei arrestert. Alfredo Palacio var visepresident under Gutiérrez og sit no i presidentembetet. Nytt val skal haldast i 2006.

Vidgjetne ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]