Engelsk geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helvellyn, ein rest av vulkansk aktivitet i Lake District.
Kalkstein i ovanom Malham Cove i Yorkshire Dales.

Engelsk geologi er ein oversikt over den geologiske historia i England.

For 730 millionar år sidan var England ein vulkansk øyboge nær ei subduksjonssone på kanten av Gondwana-kontinentet. Granittiske høgdeomårde i Dartmoor, Bodmin Moor og Scilly Isles i Cornwall vart danna på denne tida.

I kambriumtida trekte havet seg innover England og det vart avsett leire som blant anna ved Nuneaton i The Midlands. I ordoviciumtida sprakk Gondwanaland opp og England vart ein del av Avalonia. Ved Skiddaw i Lake District vart leire avsett i nordgrensa til Avalonia. Helvellyn og Scafell Pike-fjella består av lavabergartar som tilhøyrer Borrowdale vulkanittgruppe. Vulkansk oske og lava frå silurtida finst i Mendip Hills. England låg i sørlege delen av den kaledonske fjellkjeda.

I devontida vart Old Red-sandstein avsett over sentrale og sørlege delar av England ved erosjon av den kaledonske fjellkjeda. I karbontida trekte Det rheiske havet seg innover England og danna eit grunt havområde. Kalk frå karbontida utgjer Mendip Hills i Peak District i Derbyshire, nordlege Lancashire og nordlege Penninane. Over denne kolhaldige kalksteinen vart det avsett mørk marin skifer, siltstein og grovkorna sandstein, som tilhøyrer Millstone Grit-formasjonen. I Yorkshire Dales med Ingleborough kan ein sjå formasjonen over karbonførande kalkstein i landskapet under. Seinare i karbontida vart kol danna i elvedeltaer som finst så langt sør som Kent og nordover til Tyne and Wear.

Den variscisk orogenesen fann stad i permtida så langt nord som Derbyshire og Berwick-upon-Tweed. Ved slutten av permtida hadde England ørkenklima og det vart danna red beds. Vulkansk intrusjon av kvartsdoleritt som utgjer Whin Sill, finst ved High ForceAlston Block og ved Hadrianmuren. Tethyshavet og Zechsteinhavet vart danna i permtida. I England vart leire, kalk og grus avsett.

I triastida vart lag av New Red Sand avsett over sentrale delar av England og i forkastingsbasseng i Cheshire. Eit sedimentasjonsbasseng vart utvikla i Hampshire-regionen.

I juratida sprakk Pangea opp og havet steig. Leire og sand vart avsett i Sør-England frå Cleveland Hills i Yorkshire til Jurassic Coast i Dorset. Oolittkalk finst i Cotswold Hills, korallkalk i Vale of White Horse og Portlandkalk i Isle of Portland.

I krittida var det opne, marine tilhøve. Flinthaldig, kvit kalk vart danna over mesteparten av England, som ein kan sjå ved White Cliffs of Dover og Seven Sisters i Sussex og dannar òg Salisbury Plain.

Den vulkanske Lundy Island i Bristol Channel vart danna i tertiærtida. I samband med den alpine orogenesen vart Londonbassenget og Weald antiklinal danna. I Sør-England vart londonleire avsett og i Den engelske kanalen slam og fluvial sand. Ved slutten av tertiærtida var landskapet omtrent som i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]