Farmakonísi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Farmakonísi is located in Hellas
Plasseringa til Farmakonísi

Farmakonísi (gresk: Φαρμακονήσι, tyrkisk: Bulamaç Adası) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho vert òg stundom kalla Farmakos, Farmako eller Farmakousa[1]. Ho ligg midt i øygruppa utanfor austkysten av Tyrkia. I nord ligg øya Agathonísi, i vest øyane Lipsí, Pátmos og Léros, og i sør øyane Kálymnos og Psérimos.

Farmakonísi er 38,8 km² stor og er kjend for sitt rike planteliv. I dag har øya berre 10 innbyggjarar (2011).

Plutarkh skriv i Parallelle liv at då Julius Cæsar var ung reiste han til Lilleasia og vart kidnappa av sjørøvarar. Han vart halde fange på Farmakonísi i 38 dagar. Med han var fanga lovde han at om han kom fri ville han kome tilbake å ta livet av alle sjørøvarane. Etter å ha betalt dobbelt så mykje lausepengar som kidnapparane kravde (han meinte det opphavlege beløpet var for lite for ein som han) og slapp fri, sende han ein flåte tilbake til øya og fekk alle sjørøvarane krossfesta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou

Koordinatar: 37°17′16″N 27°05′07″E