Strongylí Kastellorízou
Strongylí Kastellorízou (gresk Στρογγυλή Καστελλορίζου, tyrkisk Çam Adası) eller Strongylí Mejístis (gresk Στρογγυλή Μεγίστης), òg kalla Strongili eller Ipsili, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet, om lag 9 km søraust for øya Kastellórizo. Øya er om lag 1,5 km lang og opp til 700 meter brei. Ho dekkjer eit areal på 0,9 km². Strongylí er heller flat og er dekka av macchia.
Strongylí er den austlegaste øya i Hellas og er ikkje busett. Ho har derimot eit fyr, som dermed er den austlegaste bygningen i Hellas.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Strongyli Kastellorizou frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou |
||