Tílos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tílos
Lokalt namn: Τήλος
Livádia på Tílos
Livádia på Tílos
Geografi
2011 Dimos Tilou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°26′N 27°22′EKoordinatar: 36°26′N 27°22′E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 64,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Største busetnad Megálo Khorió (241 innb.)
Demografi
Folketal 780 (2011)
Folketettleik 12,1 /km²

Tílos (gresk Τήλος, italiensk Piscopi, tyrkisk İlyaki) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Øya ligg midt mellom Kos og Ródos og har 780 innbyggjarar (2011).

Tílos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Etter segna var Telos son til Helios og Halia, systera til Telkhines. Han kom til øya for å leite etter urter for å helbrede den sjuke mor si og seinare kom han tilbake for å byggje eit tempel til Apollon og Poseidon. Telos (Telo eller Tilo) finst derimot ikkje i gresk mytologi og namnet har sannsynlegvis ukjend opphav i førhellenistisk tid. Plinus den eldre skriv at i antikken var Tílos kjend som Agathussa (Αγαθούσσα) (óg Agathusa og Agathousa). I mellomalderen var ho kjend under det italienske namnet Piscopi eller Episcopi (óg Pisconia).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tílos har form som ein speglvend S og er om lag 14,5 km lang. På det breiaste er ho 8 km og har eit areal på 61 km². Øya er kledd med kalksteinsfjell i dei indre områda, har vulkanske lågland med pimpstein og raud lavasand, som naboøya Nísyros i nordvest. Ho har mange kjelder og er svært frodig. På kysten finn ein hovudsakleg stein og grus, men óg fleire sandstrender. Søraust for Tílos ligg den vesle øya Andítilos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter keramikk og steinreiskapar i Kharkhadió, som indikerer at det har vore menneske på Tílos sidan tidleg steinalder (8000-7000 fvt.). I tillegg har ein funne bein etter dvergelfantar (1,2-1,6 m høge), som er karbondatert til 4000-7000 fvt, og som derfor sannsynlegvis levde samtidig med menneska her.

Vidare spor viser at Tílos vart dominert av minoarar, mykenarar og til slutt dorianarar.

Øya byrja å bløme i antikken og prega sin eigne myntar. Dei var kjend for klede og parfyme. Telos hevdar at diktarinna Erinna (som vart sagt å vere på høgde med Sapfo) vart fødd på øya. Dikta hennar har vorte samanlikna med Homer sine episke dikt. Eit av dei største vart kalla Ήλακάτη, «Handteinen», som bestod av tre hundre linjer. Berre fire er derimot bevart. Ho skal òg ha budd på Lésvos i lag med Sapfo. På 600-talet fvt. slo kolonistar frå Tílos og Líndos seg ned på Sicilia og grunnla byen Gelas. Tílos vart eit medlem av det athenske sjøforbundet400-talet fvt., men haldt seg nøytral fram til slutten av peloponnesarkrigen. Frå byrjinga av 400-talet fvt. og dei neste 200 åra var Tílos underlagd Selevkidriket, Karia og Ptolemaisk Egypt under påverknad frå Rhodos. Øya vart erobra av Romarriket i 42 fvt..

Tílos følgde Ródos inn i Austromarriket etter Theodosius I sin død og var eit medlem av Theme av Sámos mellom 800- og 1300-talet.

Maltesarordenen tok kontroll over Tílos frå 1309 og bygde opp att dei austromerske borgene, i tillegg til nye for å forsvare seg mot sjørøvarar. Øya vart evakuert i 1470 då osmanarane omleira Ródos. Etter at Ródos fall i 1522 gjekk øya over til Suleiman I og Det osmanske riket. Under denne perioden plyndra kristne sjørøvarar øya fleire gonger, som hemn mot tyrkarane. Det osmanske styret varte til 1912 då øya vart avstått til Italia. I 1943 vart Tílos invadert av tyske troppar og i 1948 vart ho i lag med resten av Dodekanesane igjen ein del av Hellas.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tilos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou