Khálki
| Khálki Lokalt namn: Χάλκη |
|
|---|---|
Hamna Embório |
|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dodekanesane |
| Areal | 37 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Ródos |
| Demografi | |
| Folketal | 313 (2001) |
| Folketettleik | 8 /km² |
Khálki (gresk Χάλκη), óg kalla Chalki, Halki og Khalke, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg om lag 6 km vest for Ródos. Med eit areal på 28 km² er ho ei av dei minste busette øyane i Dodekanesane, og ho har ein permanent busetnad på 330 innbyggjarar, som hovudsakleg bur i landsbyen Emborió. Landsbyen er delt i to delar, Khorió og hamna.
Khálki er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya hadde tidlegare langt fleire innbyggjarar, men mange emigrerte på midten av 1900-talet. Ruinane av ei mellomalderborg laga av Maltesarordenen ligg ovanfor gamlebyen, og kapellet inneheld nokre originale fresker.
Øya har nesten ikkje vasskjelder og regnvatn vert samla i cisterner. Drikkevatn vert transportert frå Ródos, men i sommarmånadane kan det verte vassmangel.
Hovudnæringa på øya er turisme, men fiske utgjer óg ein vesentleg del av næringa.
Mellom Khálki og Ródos ligg Alimiá og mange andre mindre klippeøyar.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chalki frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou |
||