Kásos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kásos
Lokalt namn: Κάσος
Den gamle hamna i Fry på Kásos
Den gamle hamna i Fry på Kásos
Geografi
2011 Dimos Kasou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 35°24′N 26°55′EKoordinatar: 35°24′N 26°55′E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 69,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kárpathos
Største busetnad Fry (357 innb.)
Demografi
Folketal 1 084 (2011)
Folketettleik 15,6 /km²

Kásos (gresk Κάσος, italiensk Caso), òg kalla Kassos, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er den sørlegaste øya i Egearhavet. Øya har omkring 1000 innbyggjarar.

Kásos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kárpathos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya har fem landsbyar, Fry, Ajía Marína, Panajía, Póli, Arvanitokhóri. I havet mot nordvest ligg Armáthia, Makronísi og nokre mindre klippeøyar, alle utan busetnad.

Fry er hovudbyen på øya og har den einaste hamna her, medan Ajía Marína har flest innbyggjarar. Flyplassen ligg nær Ajía Marína.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken var øya ei tilfluktshamn for filistarane. Ho har ei rik og stolt historie om sjømannskap og kunnskapane deira innan sjøfart var frykta av dei omliggande landa då dei gjekk ut i krig mot naboane sine og kassiotane blanda seg inn. I 1825 vart pasjaen av Tyrkia så rasande på kassiotane at han sende heile marinen sin til den litle øya og tok livet av heile folkesetnaden[1]. Kásos vart ikkje ein del av Hellas før ho vart offisielt annektert i 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou