Kos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kos
Lokalt namn: Κως
Kos hamn
Kos hamn
Geografi
2011 Dimos Ko.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°51′N 27°14′EKoordinatar: 36°51′N 27°14′E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 287,2 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kos
Største busetnad Kos (19 432 innb.)
Demografi
Folketal 33 388 (2011)
Folketettleik 115,0 /km²

Kos (gresk Κως; italiensk Coo; tyrkisk İstanköy), òg kalla Cos på fleire språk, tidlegare engelsk Stanchio, er ei øy i Hellas og ein del av Dodekanesane ved Gökavabukta i Egearhavet. Ho er 40 km lang og 8 km brei og ligg berre 4 km frå kysten av Bodrum i Tyrkia. Øya har både frodige sletter og golde høgland og eit folketal på vel 33 000.

Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 er Kos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kos er hovudstad i periferieininga.

Kos var tidlegare òg kjend som Meropis og Nymphæa. Diodoros Sikolos (xv. 76) og Strabo (xiv. 657) skildrar hamna som godt verna av festningsverk. Plasseringa hennar var viktig for handel i Egearhavet og ho var kjend for den gode vinen ein produserte her (Plinus, xxxv. 46). Under Aleksander den store og Ptolemaios I av Egypt (frå 336 fvt.) utvikla Kos seg til eit av dei store sentera i Egearhavet.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Kos, no kommunaleininga Kos

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er ein del av ei fjellkjede som vart skild frå kvarandre etter jordskjelv og subsidens i antikken. Fjellkjeda inkluderer Kálymnos og Psérimos som er skilde frå kvarandre av ei 70 meter djup kløft som står under vatn, i tillegg til vulkanen Nísyros og dei omliggande øyane.

Kystlinja på Kos er 112 km lang og har mange lange strender, som har ført til at turisme har vorte hovudnæringa her. Jordbruk er óg ei viktig næring og av avlingane finn ein druer, mandel, fiken, oliven, tomater, kveite og andre kornslag. Romersalat, som på engelsk heiter «Cos lettuce», vert dyrka her, men namnet har ingenting med øya å gjere.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya var opphavleg busett av karianarar. Dorianarane invaderte øya på 1000-talet fvt., vart medlem av Det athenske sjøforbundet og dreiv bort persarane to gonger. Kos var ein doriansk koloni med mange kolonistar frå Epidauros, som tok med seg Askelpioskulten sin og lagde heimar som var kjend for sanatoriane sine. Den andre kjelda til rikdom for øya var vinen som vart dyrka her, og i seinare tid produksjon av silke. Under persarkrigane vart øya styrt av tyrannar, men ein meiner at ho har vore under oligarkisk styre.

Ruinane av ein agora i Kos by

400-talet fvt. vart ho medlem av Det athenske sjøforbundet, og etter at Ródos gjorde opprør var ho hovudbasen for Athen i den søraustlege delen av Egearhavet (411-407). I 366 fvt. vart det innført demokrati. I 366 fvt. vart Kos by bygd, og like etter vart øya ein del av Romarriket og seinare Austromarriket. Kos var ein av Egypt sine allierte, som nytta øya som ein utpost for marinen sin for å halde eit auge med Egearhavet.

Som eit senter for utdanning vart ho ein slags underavdeling for Alexandria og prinsane i det ptolemaiske dynastiet tok ofte utdanninga si her. Av dei mest kjende lærde på Kos finn ein legen Hippokrates, målaren Apelles, diktarane Filetas og kanskje Theokritos.

Bortsett frå enkelte tokt frå sjørøvarar og nokre kraftige jordskjelv fekk øya stort sett vere i fred. Som den store naboøya Ródos, var Kos stort sett venleg innstilt til romarane, og i år 53 fekk han status som fri by. Øya vart seinare erobra av venetianarane, som så selde ho til Maltesarordenen på Ródos i 1315. To hundre år seinare vart riddarane trua av ein tyrkisk invasjon og drog bort frå øya til fordel for osmanarane i 1523. Det osmanske riket styrte over øya i 400 år fram til ho vart overført til Italia i 1912. Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av tyskarane fram til 1945, då ho vart eit protektorat under Storbritannia, som avstod øya til Hellas i 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kos

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou