Arkí

Koordinatar: 37°23′03″N 26°44′29″E / 37.38417°N 26.74139°E / 37.38417; 26.74139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkí is located in Hellas
Plasseringa til Arkí

Arkí (gresk Αρκοί, tyrkisk Nergiscik adası) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet, nær kysten til Tyrkia.

Øya høyrer til kommunen Pátmos og har 44 innbyggjarar (2011).[1] Dei fleste innbyggjarane bur nær hovudhamna på øya, medan resten bur spreidd rundtom i høgare område. Flesteparten her lever av fiske, geiter eller arbeider på ein av dei fire kroene på øya.

Øya er tørr og steinete med lite vegetasjon bortsett frå oliventre og kratt. Av dyreliv på øya finn ein geiter og esel, og ein kan stundom sjå hegre.

Dei næraste busette øyane er Maráthi, og av større øyar finn ein Lipsí og Pátmos. Det går ferjesamband mellom Sámos, Pátmos og Lipsí som går innom øya, i tillegg til småbåtar til dei nærliggande øyane som Maráthi.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


37°23′03″N 26°44′29″E / 37.38417°N 26.74139°E / 37.38417; 26.74139