Frankfurtparlamentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parlamentet blir samla i Pauluskyrkja i Frankfurt

Frankfurtparlamentet (tysk Frankfurter Nationalversammlung) er namnet på parlamentet som var samla i Tyskland i samband med revolusjonane i 1848. Parlamentet var samla i Pauluskyrkja i Frankfurt am Main, og bestod av delegatar frå heile Tyskland (inkludert dagens Austerrike).

Frankfurtparlamentet var det første forsøket på samle dei tyske landa i eit sameint Tyskland. Parlamentet sprang ut av den liberale middelklassa, etter at revolusjonane i 1848 hadde sett ein mellombels stopp for den tradisjonelle makta til aristokratane. Frankfurtparlamentet kan ikkje kallast demokratisk i moderne forstand, men var heller eit forsøk frå borgarskapet si side for å halde på den nyvunne makta si, og på å halde ute ein veksande arbeidarklasse.[1]

Arbeidet til parlamentet var hemma av indre motsetnader. Spesielt var det strid mellom dei som ynskte å innleme Austerrike i Tyskland (ei «stortysk løysing») og dei som ynskte eit Tyskland utan Austerrike (ein «småtysk løysing»). Frankfurtparlamentet kom trass i dette fram til ei grunnlov. Denne var svært progressiv etter datidas standardar, og innførde praktisk talt allmenn røysterett for menn.

Kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen vart tilbode keisarkrona som eit resultat av at den småtyske løysinga vart valt. Kongen aksepterte likevel ikkje tilbodet, noko som gjorde at Frankfurtparlamentet vart oppløyst utan å ha skapt varige resultat.

Interimparlamentet[endre | endre wikiteksten]

Oppstanden i Berlin i mars 1848. Måleri av Adolph Menzel, olje på lerret, Kunsthalle, Hamburg

Tilhengarar av konstitusjonalisme møttest i Heidelberg den 5. mars 1848 for å leggje grunnlaget for ei ny styreform. Dei innsåg fort at regionale møte ikkje var effektivt, og bestemte seg raskt for å innkalle liberalarar frå heile Tyskland til ei alltysk forsamling.

Den 31. mars vart interimparlamentet samla i Frankfurt. Denne forsamlinga hadde ikkje klart mandat, og ein tvilsam juridisk status. Likevel gjorde kaoset og svekkinga av kongemakta at forsamlinga kunne utnytte det politiske vakuumet.

Ekstremistar prøvde raskt å kuppe forsamlinga. Moderate krefter fekk likevel fleirtal, og eit forslag om at interimparlamentet skulle få ein permanent status vart nedstemt med 368 mot 143 røyster. Seinare braut 40 representantar på venstrefløya ut av parlamentet, med mål om å snakke direkte til folket. Den 12. april prøvde dei å organisere ein oppstand i Konstanz, men denne fekk lite oppslutnad. Det tok ikkje lang tid før oppstanden i det sørlege Baden vart slått ned.

Strid om røysterett[endre | endre wikiteksten]

Etter at kupplanane var slått ned, kunne forsamlinga konsentrere seg om kjerneoppgåvene. Ho vart samd om at delegatar til parlamentet skulle veljast i valkretsar à 50 000 innbyggjarar, men sidan folketeljinga tretti år tidlegare vart lagt til grunn låg den verkelege mengda veljarar rundt 75 000 per delegat. Sterke krefter ynskte direkte val, men dette forslaget fall med 317 mot 194 røyster. Det vart difor vedteke at statane sjølv kunne styre dette.

Innleiingsvis arbeidde dei for at røysteretten ikkje skulle kunne avgrensast på bakgrunn av klasse, eigedom eller religion. I referata frå debatten stod det at «alle vaksne borgarar» skulle få røysterett, medan det i den endelege resolusjonen var endra til at «alle vaksne uavhengige borgarar» skulle få røyste. Karl Mittermeier, leiar for sekretariatet, hevda seinare at klausulen om «uavhengige» borgarar var det det vart røysta over, men at referatet diverre vart feil.[2] Sjølv om det ikkje var eksplisitt nemnt i reglane, var det berre menn som kunne røyste.

Valet[endre | endre wikiteksten]

Tyskland på Frankfurtparlamentets tid

Dei vage reglane for røysterett førde til mange ulike lokale tolkingar. I Hannover og Württemberg vart arbeidarar vurdert som ikkje «uavhengige» sidan dei var lønnsarbeidarar. I Sachsen og Baden vart tenarar og arbeidarar i landbruket hindra frå å røyste. I Bayern kunne berre dei som betalte skatt røyste. I Preussen fekk ikkje dei som mottok nokon form for private, velgjerande bidrag røyste. I Hohenzollern-Hechingen fekk ikkje ungkarar eller jødar røyste. Dei fleste statane la òg strikte definisjonar av statsborgarskap til grunn for å hindre flest moglege fattige frå å bruke røysteretten.

I Hamburg måtte dei etterkvart gje etter for presset, og den 16. april avgjorde dei at òg arbeidarar skulle få røyste. Samstundes sette ein tidspunktet for valet til perioden 18.-20. april, slik at arbeidarklassen ikkje skulle få tid til å samle seg rundt nokre kandidatar.

Valkampen viste seg å vere prega av apati, og få veljarar nytta seg av røysteretten. I Annaberg møtte berre 500 av dei 2 000 røysteføre opp. I Leipzig var frammøtet 6 000 av 15 000. Dei fleste delegatane som vart valt var moderate. Likesæla rådde i dei lågare klassane, slik at borgarskapet hadde få problem med å få valt inn kandidatane sine. I Kassel vann den moderate Philipp Schwarzenberg over den republikanske motkandidat sin med 7 862 mot 57 røystar. Det var berre einskilde stader, som i Rhinland, at proletariatet var interessert i valkampen.

Samansetjinga av parlamentet[endre | endre wikiteksten]

Minnetavle utanfor Pauluskyrkja i Frankfurt

I samtida vart Frankfurtparlamentet ofte omtalt som «Professorparlamentet» (tysk: «Professorenparlament»), sjølv om denne nemninga ikkje er heilt presis. Av dei 330 delegatane var det faktisk berre 49 universitetsprofessorar. Den største gruppa av akademikarar var dei over 200 juristane. Dessutan møtte 40 rektorar og lærarar, 35 forfattarar og journalistar, 30 forretningsfolk, 26 geistlege og 12 lækjarar. Det var ikkje skeivskapar i valsystemet som førde til den store overvekta av akademikarar i forsamlinga, men heller den høge sosiale statusen universitetsutdanna hadde i Tyskland på den tida.[3]

Fleirtalet av delegatane var moderate liberalarar. Kompromisslause konservative som Otto von Bismarck, Hermann Wagener og Leopold von Gerlach deltok ikkje, høgrefløya i parlamentet bestod difor av relativt sett progressive konservative som Georg von Vincke, Maximilian von Schwerin-Putzar og Joseph von Radowitz.

Venstresida var like svak som høgresida. Leiande radikale delegatar som Friedrich Kapp og Saul Buchsweiler vart sett ned på av den moderate majoriteten. Desse måtte gå så langt som å droppe fanesaka si – republikken – for å bli respektert.

Liberale krefter kom til å dominere. Desse organiserte seg i fleire fraksjonar, blant anna «Kasino», «Landsberg», «Augsburger Hof» og «Württemberger Hof». Trass i religiøse skilnader og ulike økonomiske interesser var fleirtalet av dei moderate knytt til ein av desse partia. Fraksjoneringa på venstresida og høgresida sin fåfengde kamp mot konstitusjonalismen gjorde at dei moderate liberale fekk fleirtalet. Dei moderate samla seg rundt kampen mot høgresida sine forsøk på å stoppe revolusjonen og på venstresida sine forsøk på å utvide han.

Presidentar for Frankfurtparlamentet[endre | endre wikiteksten]

Ei mellombels sentralregjering[endre | endre wikiteksten]

Heinrich von Gagern var ein sentral figur i Frankfurtparlamentet

Parlamentet i Det tyske forbund hadde vist seg handlingslamma når det galdt å stoppe uroa. I april avgjorde difor leiarskapen i Frankfurtparlamentet at dei måtte danne ein eksekutivkomité. Dei prøvde først å samarbeide med statane i å danne ein slik, men dette viste seg å vere vanskeleg. Heinrich von Gagern kom difor med eit framlegg om at Frankfurtparlamentet sjølv skulle utpeike ei mellombels regjering. Dette vart vedteke den 28. juni.

Dagen etter vart austerrikaren Erkehertug Johann utpeikt til riksforstandar. Johann fekk fullmakt til å organisere diplomatiske samband med framande makter, og til å gjennomføre Frankfurtparlamentets innanrikspolitiske vedtak.

Statsministrar[endre | endre wikiteksten]

Rettigheitserklæringa[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha utpeikt ei mellombels regjering gjekk Frankfurtparlamentet inn for å diskutere prinsippa for ei grunnlov for Tyskland, og dessutan prinsipp for dei tyske statane sine eigne grunnlover.

Først vart ei fråsegn om rettar for folket diskutert. Denne skulle fungere som ein modell for grunnlovene i dei ulike tyske statane. Blant temaa som vart diskutert var likskap for loven, ytringsfridom, religionsfridom, reglar for statsborgarskap og prinsippa den lovgivande og utøvande makta skulle bli basert på. Dessutan gjekk dei inn for å bli kvitt dei siste restane av føydalsystemet. Denne diskusjonen viste seg å ta nesten seks månader. Diskusjonane byrja den 3. juli, og vart ikkje avslutta før den 21. desember. Rettigheitserklæringa vart publisert den 28. desember.

Grunnlova[endre | endre wikiteksten]

Parlamentarikarane prøver å sy saman ei tysk eining. Frå venstre von Gagern, von Soiron, Welcker og Bassermann. Samtidig karikaturteikning.

Grunnlova var i hovudsak basert på liberale prinsipp. Frankfurtparlamentet gjekk inn for ein føderal union, sterk nok til å kunne motstå angrep utanfrå og innanfrå.

Keisaren skulle ta seg av utanrikspolitikk og krigar. Han skulle òg leie dei militære styrkane, og fekk òg ansvaret for å sørgje for indre tryggleik. Makta til keisaren skulle likevel avgrensast av parlamentet. Parlamentet skulle få einerett til å vedta lover, skattar, traktatar og budsjett. Parlamentet skulle òg utpeike ministrar, og fekk retten til å avsetje dei. Parlamentet fekk òg retten til å overstyre vetoretten til keisaren.

Det vart òg vedteke at ein eigen føderal domstol skulle opprettast. Denne skulle løyse disputtar mellom sentralregjeringa og delstatane, og konfliktar mellom delstatar. Domstolen fekk òg fullmakt til å slå ned på overgrep mot einskildmenneske frå delstatane si side.

Det mest radikale med den nye grunnlova var røysteretten. Den 12. april 1849 vart loven om val til underhuset vedteke. Denne loven gav noko i nærleiken av allmenn røysterett for menn. Det var berre sinnsjuke, kriminelle, folk som var konkurs og dei lutfattige som ikkje fekk røysterett. Dei aller fleste arbeidarane og bøndene fekk røysterett.

Røysteretten kom som ei følgje av radikale som spelte den austerrikskvenlege grossdeutsch-fraksjonen og den prøyssiske kleindeutsch-fraksjonen opp mot kvarandre. Først slo dei radikale seg saman med austerrikarane. Austerrikarane ynskte å gjere konstitusjonen såpass demokratisk at han vart uråd å godta for kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen. I mars skifta likevel dei radikale side. Dei allierte seg no med delegatane som gjekk inn for ei kleindeutsch-løysing, i byte mot at den prøyssiske kongen skulle få tilbod om keisarkrona.

Frihandel[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt sett hadde det vore tungvindt å drive handel på Rhinen. Denne elva var ei naturleg transportåre i det vestlege Tyskland, men det var problematisk at alle bystatar og små fyrstedømme kunne krevje inn toll på eiga hand. Skulle ein til dømes føre ei last frå Mannheim ut i Nordsjøen måtte ein stoppe i kvar minste vesle byen på vegen og betale ein separat tariff. Det vart fort fleire titals ulike tariffar som måtte betalast før ein kom fram til målet. Dette hemma naturleg nok eksportindustrien. Det vart difor vedteke at alle tariffar måtte opphøyre på elvehandel internt i Tyskland. Utanlandske skip skulle enno kunne skattleggjast.

Byane i nord hadde svært ulike interesser samanlikna med dei industrialiserte stadene i sør. Byar som Lübeck, Stettin, Danzig, Königsberg og Memel levde i stor grad av utanrikshandel, og var naturleg nok interessert i eit enkelt regelverk med låge tollsatsar. I sør var dei meir interessert i ei proteksjonistisk løysing som kunne verne industrien. Etter at forretningsmannen Arnold Duckwitz frå Bremen vart valt til handelsminister i den mellombels regjeringa tippa dragkampen i favøren til kystbyane. Den 16. desember 1848 fekk han fleirtalet med seg på at han skulle få vide fullmakter til å inngå handelsavtaler med Dei sameinte statane, Belgia, Frankrike og Nederland.

Ei stortysk eller småtysk løysing?[endre | endre wikiteksten]

Eduard Simson, president for Frankfurtparlamentet og skapar av omgrepet stortysk, måla av Fritz Paulsen 1880, Nationalgalerie i Berlin

Ei stor kampsak var definisjonen av kva som var Tyskland. Det første problemet var Schleswig-Holstein, som var under den danske krona. Samstundes som Frankfurtparlamentet var samla hadde danskane si eiga grunnlovsforsamling samla i København. Desse ynskte å samle dei ulike danske områda i éitt rike. Folkesetnaden i området var ei blanding av tyskarar og danskar, og den tyske folkesetnaden ynskte ingen union med Danmark. Det danske forsøket på å innleme Slesvig førde til at Preussen greip inn på tysk side, noko som førde til den første slesvigske krigen. Krigen løyste likevel ikkje problemet, som først vart avgjort i 1864 til tysk fordel med den andre slesvigske krigen.

Det største problemet låg likevel andre stader. Austlege delar av Preussen og store delar av Austerrike-Ungarn låg utanfor det tyske språkområdet, og folkesetnaden der hadde lita interesse av å bli med i ein tysk nasjonalstat. Frankfurtparlamentet bestemde at dei hovudsaklege tsjekkisktalande områda Böhmen og Mähren skulle reknast med til Tyskland, i tillegg til Posen med sin store polske folkesetnad. Dette vart naturleg nok møtt med motstand av gruppene det galdt.

Det var to moglege løysingar på problema. Den eine var den småtyske løysinga. Denne løysinga sa at Austerrike ikkje skulle bli med i det sameinte Tyskland. Slik unngjekk ein problemet med den ikkje-tyske halvdelen av riket. Tilhengarar av den stortyske løysing ynskte å inkludere Austerrike. Ein føresetnad for dette var å splitte opp habsburgarane sitt område i to. Den 27. oktober gjekk fleirtalet i parlamentet inn for den stortyske løysinga.

Ferdinand I av Austerrike var likevel fast bestemt på at riket hans ikkje skulle splittast opp. Den 27. november presiserte den austerrikske statsministeren Felix zu Schwarzenberg overfor parlamentet at denne løysinga ikkje var akseptabel. Det vart difor klart at ein måtte satse på den småtyske løysinga, med Preussen som den dominerande makta. Dei sørgde likevel for å opne for ein seinare austerriksk entré ved å tilpasse lovverket for dette høvet.

Parlamentet blir oppløyst[endre | endre wikiteksten]

Samtidig framstilling av keisardeputasjonen, tresnitt

Som eit resultat av at den småtyske løysinga vart valt vart Preussens konge Frederik Vilhelm tilbode keisarkrona etter ei avstemming den 28. mars. Fleirtalet var på 290 mot 248 røyster. Det var delegatane frå Sør-Tyskland med Austerrike som gjekk imot. Den 3. april 1849 sende Frankfurtparlamentet ei gruppe på 32 delegatar til kongen, den såkalla keisardeputasjonen. Kongen tok likevel ikkje imot tilbodet til delegasjonen. Kongen grunngav dette med at han ikkje ville motta keisarmakta frå andre enn frå aristokratiet. Dette markerte Franfurtparlamentets nederlag, då det vart klart at dei ikkje kunne kome fram til ei løysing som alle partar aksepterte.

Den 5. april trekte dei austerrikske delegatane seg frå parlamentet. Den 14. mai trekte prøyssarane seg. Etterkvart trekte fleire og fleire av dei liberale og konservative delegatane seg. Det var difor etter eit bel berre radikale delegatar att. Vedtaka til forsamlinga vart ikkje lenger respektert av delstatane. Den 18. juni 1849 okkuperte militære styrkar møtelokala, noko som vart slutten på Frankfurtparlamentet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Hamerow (1961), side 15
  • Hamerow (1958), side 120
  • Kitchen, side 79

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eyck, Frank (1969) Frankfurt Parliament – St. Martin´s Press. ISBN 0-312-30345-9.
  • Hamerow, Theodore S. (1958) Restoration, Revolution, Reaction: Economics and Politics in Germany, 1815-1871 – Princeton University Press, Princeton i New Jersey. ISBN 0-691-00755-1.
  • Hamerow, Theodore S. (1961) «The Elections to the Frankfurt Parliament» – The Journal of Modern History, bind 33, nr. 1, s. 15-32 [jstor].
  • Kitchen, Martin (2006) A History Of Modern Germany 1800-2000 – Blackwell Publishing, Oxford. ISBN 1-4051-0041-9.
  • Lewald, Fanny (1997) A Year of Revolutions: Fanny Lewald's Recollections of 1848 – Berghahn Books. ISBN 1-57181-099-4.
  • Valentin, Veit (1930-31) Geschichte der Deutschen Revolution – Verlag Ullstein, Berlin.
  • Vick, Brian E. (2002) Defining Germany: The 1848 Frankfurt Parliamentarians and National Identity – Harvard University Press. ISBN 0-674-00911-8.