Gausdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gausdal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0522
Fylke Oppland
Adm.senter Segalstad bru
Areal 1 189 km²
Folkemengd 6 141 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Mona B. Nicolaysen (Sp)
Målform Nøytral
Nettstad www.gausdal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0522.svg
Gausdal kommune på Commons
Svatsum i Vestre Gausdal
Jettegryter i Helvete
Skiterreng ved Skeikampen i Østre Gausdal

Gausdal kommune ligg i Oppland fylke og har grenser i nord til Sør-Fron, i nordaust til Ringebu, i aust til Øyer og Lillehammer, i sør til Nordre Land, og i sørvest til Nord-Aurdal og Øystre Slidre. Kommunevåpenet er ein trappeformasjon av sølv og blått og viser fjellformasjonar som er typiske i kommunen. Namnet Gausdal kjem frå norrønt: «Gausdalr», av elvenamnet Gausa som tyder «stri straum, foss».

Administrasjonssenteret i kommunen er Segalstad bru med 946 innbyggjarar (2012) og størstedelen av busetnaden ligg innan ein 10 kilometer radius. I tillegg er det to andre tettstader: Follebu 1 063 innbyggjarar (2012) og Forset med 644 innbyggjarar (2012).

Trevareindustri, landbruk og reiseliv er dei viktigaste næringane. På 1800-talet var det utvinning av nikkel i Espedalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gausdal formannskapsdistrikt vart skipa i 1838 med om lag same utstrekning som dagens kommune. I 1867 vart eit område med 40 heimehørande personar overførd frå Øyer. I 1879 vart gamle Gausdal herad delt i to einingar, Østre Gausdal med eit folketal på 3549 og Vestre Gausdal med 2362 innbygjarar. Administrasjonsstader var Segalstad bru i aust og Forset i vest. Den noverande Gausdal kommune vart skipa i 1962 då dei dei to einingane vart slegne ihop att. Det var då 3942 heimehørande i aust og 2590 i vest.

Skular og målstoda[endre | endre wikiteksten]

Kring 1900 hadde Østre Gausdal seks skulekrinsar og alle tok nynorsken i 1908, medan på 1920-talet gjekk to attende til bokmålet og to vart lagde ned. I 1939 fekk dei to bokmålskrinsane, og alle dei sju krinsane i Vestre Gausdal nynorsk, såleis at målbrigde var fullenda i både herada. Stoda heldt seg ikkje lenge, allereie i 1961 gjekk dei same to krinsane i aust atter attende til bokmålet, saman med alle utan ein krins i vest. Seinare har to av dei tre siste nynorskskulane vorte lagde ned, såleis at det i 2012 berre er ein grendaskule, Engjom, attende som i namnet har nynorsk som hovudmål. I røynda er det diverre berre 4 av 54 elevar som held på målet. Dei andre skulane i kommunen er Fjerdum, Follebu og Forset barneskular, samt Gausdal ungdomsskole. I kommunen som heile er det om lag 1% nynorskelevar i 2012.

Verdt å sjå i Gausdal kommune[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gausdal kommune