Tonight av David Bowie
| Tonight Studioalbum av David Bowie |
||
| Utgjeve | 1. september 1984 | |
| Innspelt | 1984 i Le Studio i Morin Heights i Quebec | |
| Sjanger | Rock Pop Poprock |
|
| Lengd | 35:57 | |
| Selskap | EMI America Records – DB 1 | |
| Produsent | David Bowie, Derek Bramble og Hugh Padgham | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| David Bowie-kronologi | ||
| Ziggy Stardust - The Motion Picture (1983) |
Tonight | Labyrinth (1986) |
Tonight er eit album av David Bowie frå 1984. Det inneheld ein duett med Tina Turner på tittelsporet og ein coverversjon av the Beach Boys-songen «God Only Knows». Albumet fekk hard medfart hos kritikarane, som meinte det var dårleg utført, og berre eit forsøk på å gjenskape suksessen med albumet Let's Dance frå året før. Likevel inneheldt albumet singelen «Blue Jean», med ein 22 minutt kortfilm kalla Jazzin' for Blue Jean, regissert av Julien Temple. Dette synte den langvarige interessa Bowie hadde for å kombinere musikk og drama. Det inneheldt òg den vesle hitten «Loving the Alien», ein djup song om religiøse konfliktar og ein av få songar frå Tonight som er framført på konsertar av Bowie i seinare år. Albumet inneheldt to omskrivingar av «Neighborhood Threat» og «Tonight», gamle songar som Bowie skreiv i lag med Iggy Pop for Iggy-albumet Lust for Life.
Innhaldsliste |
Produksjon [endre]
I 1987 skildra Bowie innspelingprosessen av albumet Tonight slik:
| « | Det gjekk raskt føre seg. Prosessen gjekk ikkje raskt. Me brukte faktisk tid på å spele greia. Let's Dance vart gjort på tre veker, Tonight fem veker eller noko slikt, som for meg var verkeleg lang tid. Eg likar å arbeide raskt i studio. Det var ikkje mange nye låtar på albumet, for eg kan ikkje skrive når eg turnerar og hadde ikkje nok songar å setje saman. Men eg tenkte det var eit slags valdeleg forsøk på eit slags Pinups[3] | » |
Coverversjonen av Iggy Pop sin «Neighborhood Threat» står fram som songen Bowie ønskjer han ikkje hadde gjort, og han kalla songen «katastrofal».[4]
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Loving the Alien» | David Bowie | 7:11 | ||||||
| 2. | «Don't Look Down» | Iggy Pop, James Williamson | 4:11 | ||||||
| 3. | «God Only Knows» | Brian Wilson, Tony Asher | 3:08 | ||||||
| 4. | «Tonight» | Bowie, Pop | 3:46 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 5. | «Neighborhood Threat» | Bowie, Pop | 3:12 | ||||||
| 6. | «Blue Jean» | Bowie | 3:11 | ||||||
| 7. | «Tumble and Twirl» | Bowie, Pop | 5:00 | ||||||
| 8. | «I Keep Forgettin'» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 2:34 | ||||||
| 9. | «Dancing with the Big Boys» | 3:34 | |||||||
Reissues [endre]
I 1994 gav Virgin Records ut albumet på CD med tre bonusspor. EMI gav ut plata på nytt i 1999 med nymastra lyd og utan bonusspor.
CD: Virgin [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 10. | «This Is Not America» (Singel frå 1985) | 3:51 | |
| 11. | «As the World Falls Down» (Frå Labyrinth frå 1986)) | 4:46 | |
| 12. | «Absolute Beginners» (frå Absolute Beginners frå 1986) | 8:00 |
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- Carlos Alomar: Gitarar
- Derek Bramble: Bassgitar, gitar, synthesizer, korvokal
- Carmine Rojas: Bassgitar
- Mark King: Bass på «Tumble and Twirl»
- Sammy Figueroa: Perkusjon
- Omar Hakim: Trommer
- Guy St. Onge: Marimba
- Robin Clark, George Simms, Curtis King: Vokal
- David Bowie, Tina Turner: Vokal på «Tonight»
- David Bowie, Iggy Pop: Vokal på «Dancing With The Big Boys»
- The Borneo Horns:
- Stanley Harrison: Altsaksofon, tenorsaksofon
- Steve Elson: Barytonsaksofon
- Lenny Pickett: Tenorsaksofon, klarinett
- Arif Mardin: Strykearrangement, synthesizerar
Listeplasseringar [endre]
Album
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1984 | Britisk albumliste | 1 |
| U.S Billboard 200 | 11 | |
| VG-lista | 3 | |
| Sveits | 8 | |
| Sverige | 4 | |
| Austerrike | 8 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tonight (David Bowie album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r714078
- ↑ http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie
- ↑ Scott Isler, Musikar Magazine, august 1987: s.64
- ↑ Scott Isler, Musician Magazine, august 1987: s.64