Høre stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°9′12″N 8°48′14″E

Høre stavkyrkje
Høre stave church.jpg

Foto: mroach

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Hamar
Prosti:  Valdres
Fellesråd:  Vang
Sokn:  Høre
Innvigd:  Ukjend
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Commons-logo.svg
Høre stavkyrkje på Commons

Høre stavkyrkje (Hurum stavkyrkje) er ei stavkyrkje frå 1180 i Ryfoss i Vang kommune i Oppland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Høre stavkyrkje og Kviengardane, frå 1880

Kyrkja vart bygt i 1180 i fylgje ei runeinnskrift i kyrkja. Årringdateringa viser til 1179 så dette verkar som det er rett. Dette skal vere den stavkyrkja med sikrast datering.[1] Seinare er kyrkja ombygd rundt 1820.

Dette er den andre kyrkja på staden, den fyrste var ei stolpekyrkje med jordfaste stolpar.

Under kyrkja er det graver, også for born. Nokre av gravene er brukt for å datere den fyrste kyrkja på staden.

På staven inne i preikestolen er det ei runeinnskrift:

«Þá, um þat sumar [létu] þeir brœðr Erlingr ok Auðun hôggva till kirkju þessar, er Erlingr ja[rl fe]ll í Niðarósi», — Den sommaren då brørne Elling og Audun lét hogge (tre) til denne kyrkja, fall Erling Jarl i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179.

Det finst fleire runeinnskrifter rundt i kyrkja, og gamle gjenstandar med slike.

Også i Hegge stavkyrkje er det ei innskrift som er litt overraskande, og som lyder «Erling Arnson skreiv desse runene». Ein skal vere forsiktig med å tolke, men det kan vere same Erling.

Det er ikkje usannsynleg at hertug Skule vart gift i denne kyrkja på 1200-talet. Andre kjelder seier at mor og far til Hertug Skule gifte seg i Høre stavkyrkje på 1200-talet.

Kyrkjebygningen[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja teikna av G.A. Bull i 1853

Den opphavlege takryttaren i kyrkja er no portal inn til kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.