Halloween
Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag eller helgemesse, som er den katolske minnefesten for helgenar og martyrar. Halloweenfeiringa bygger også på eldre, delvis heidenske skikkar, gjerne knytta til den keltiske høgtida samhain. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land. Ifølge engelsk tradisjon feirar ein halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, som helgemessa er lagt fast til. Helgemesse, og dermed kvelden før henne, er derimot ein bevegeleg heilagdag i den norske kyrkja.
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attgangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Opphavleg brukte ein kålrot eller nepe til dette. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween.
Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri. Helsinga i denne samanhengen er «Trick or treat», eit spørsmål som truger med at dei som ber kan gjera ein gapstrek om ein ikkje får noko. Også i britisk kultur har det vore tradisjon for å gå rundt og be om pengar eller mat ved ulike høgtider.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Halloween» frå Wikipedia på bokmål, og «Halloween» frå Wikipedia på engelsk den 27. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Artikkel i Aftenposten om Halloween-feiring i Norge
- Svenske Halloween-sider for barn (på svensk)
- Danske sider om Allehelgensaften (på dansk)
- Amerikansk side om Halloween (på engelsk)