Ulvik herad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulvik herad
Våpen Kart
Komm.nr. 1233
Fylke Hordaland
Adm.senter Ulvik
Areal 722 km²
Folkemengd 1 113 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Hans P. Thorbjørnsen (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.ulvik.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1233.svg
Ulvik herad på Commons

Ulvik herad ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Administrasjonssenteret er tettstaden Ulvik. Ulvik er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Viktige næringsvegar er jordbruk, med hovudvekt på frukt- og bærdyrking og saue- og storfehald, og turisme.

Heradet grensar i sør til Eidfjord, i sørvest til Ullensvang, i vest til Granvin, i nordvest til Voss, i nord til Aurland i Sogn og Fjordane og i aust til Hol i Buskerud.

Ulvik er eit fjord- og fjellherad. Det meste av busetnaden ligg ved Ulvikfjorden og Osafjorden, to sidearmar til Hardangerfjorden. Nordvestre delen av Hardangervidda, med mellom anna Finse, ligg i heradet.

Frå Bruravik i Ulvik kommune går det bilferje til Brimnes i Ullensvang. Bergensbanen går gjennom kommunen i nord, med stopp på Finse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ulvik herad omfatta fram til 1891 òg det som i dag er Eidfjord kommune og Granvin herad.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Ulvik kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
1742 1538 1517 1548 1508 1371 1339 1239 1210 1129

Grunnkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Ulvik er eit delområde som er deld inn i elleve grunnkrinsar.

  • Vangsbygda
  • Bangstrond
  • Vambheim
  • Bergo
  • Ljono
  • Brakanes
  • Lekve
  • Osa
  • Finse/Hallingskeid
  • Osafjellet
  • Slondal

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Ulvik vart halde i 1919.

År Venstre Senterpartiet/
Bondepartiet
Arbeidarpartiet Bygdeliste Fjellfolket Høgre Felleslister Sosialistisk
Venstreparti
Framstegspartiet Demokratane
1919[5] 9 4a 3
1922[6] Ikkje listeval
1925[7] 8 4 2b 2
1928[8] 8 8
1931[9] 6 3c 6 1
1934[10] 6 6d 4
1937
1945[11] 7c 9
1947[12] 4 6 6
1951[13] 5 6 5
1955[14] 5 5 6 1
1959[15] 3 6 6 2
1963[16] 4 5 6 2
1967[17] 4 4 5 2 2
1971[18] 3 7 6 1
1975[19] 7 5 2 3e
1979[20] 2 6 6 3
1983[21] 4 5 6 2
1987[22] 3 6 5 2 1
1991[23] 2 7 4 2 2
1995[24] 6 7 2 1 1
1999[25] 6 5 3 1 1 1
2003[26] 4 5 3 1 3 1
2007[27] 6 4 2 1 1 3
2011[28] 6 3 3 3 2

a "Bondevinstre" b "Upolitisk liste" c "Arbeidar- og småbrukarlista" d "Arbeidarpartiet og Fjellfolket" e Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti/Det Nye Folkepartiet

Kjende personar frå Ulvik[endre | endre wikiteksten]

Ulvikfjorden

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Ulvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. "Hordaland" 22.10.1919
  6. "Hordaland" 11.10.1922
  7. "Hordaland" 21.10.1925
  8. "Hordaland" 17.10.1928
  9. "Hordaland" 14.10.1931
  10. "Hordaland" 17.10.1934
  11. "Hordaland" 8.12.1945
  12. "Hordaland" 25.10.1947
  13. "Hordaland" 10.10.1951
  14. "Hordaland" 5.10.1955
  15. "Hordaland" 30.9.1959
  16. "Hordaland" 25.9.1963
  17. "Hordaland" 27.9.1967
  18. "Hordaland" 25.9.1971
  19. "Hordaland" 18.9.1975
  20. "Hordaland" 20.9.1979
  21. "Hordaland" 15.9.1983
  22. "Hordaland" 17.9.1987
  23. "Hordaland" 10.9.1991
  24. "Hordaland" 14.9.1995
  25. "Hordaland" 16.9.1999
  26. "Hordaland" 18.9.2003
  27. www.regjeringen.no
  28. "Resultater for Ulvik i Hordaland"
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.