Havelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havelle


Vaksen hann i vinterdrakt
Vaksen hann i vinterdrakt

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Underfamilie: Merginae
Slekt: Clangula
Art: C. hyemalis
Vitskapleg namn
Clangula hyemalis

Havelle er ein fugl i undergruppa dukkender i andefamilien.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Havella er ei ganske lita and med totallengd 39-47 cm og vengespenn på 65-82 cm. Fuglen veg 600-1000 gram. Dei vaksne hannane har lange midtre halefjør på 10-15 cm. Havella har rundt hovud og kort nebb. Vengane er mørke og ganske smale og spisse. I flukt held fuglen vengane bakover og lågt og flaksar med smidige kjappe vengeslag. Havella har minst tre ulike drakter gjennom året. I alle draktene er fuglen broket i kvitt, brunt og svart, og med heilmørke vengar.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Havella sin song består av ein tonerein, nasal, litt jodlande lyd som kan skrivast som a a-aulí eller ah au-audeli og minner om klarinett.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Havella hekker i fjell- og tundraområde, både i innsjøar og havbukter, på Island, i Skandinavia, Svalbard, Novaja Zemlja, Russland, Grønland, Canada og Alaska. Ho er trekkfugl og overvintrar i kystområde i Europa, Kina, Korea, Japan, og Nord-Amerika.

Biotop og leveområde i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske hekkebestanden er truleg på 5000-10 000 par. Flest hekkande par finst på Finnmarksvidda og i Varanger. Her kan fuglane treffast både inne på vidda og ute ved kysten, alltid ved små ferskvassdammar. Elles i Nord-Noreg kan havella også hekke vanleg, mest typisk i bjørkebeltet og vierregionen. Kystnær hekking skjer så langt sør som til Velfjorden ved Brønnøysund. I Sør-Noreg hekkar havella sparsamt i sentrale fjelltrakter så langt sør som til sentrale delar av Hardangervidda.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglane et mest vasslevande insekt, muslingar, blautdyr og krepsdyr, men også fisk, børsteormar og pigghudingar.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Havellene lever i monogame par. Dei vert kjønnsmodne i tredje leveår. Fuglane kjem til hekkeplassane i april-mai, stundom i juni. Reiret er ei grop på marka, sparsamt fora med gras og lyng. Det ligg nær ferskvatn, gjerne på ein holme. Hoa legg 6-9 egg kring midten av juni. Hannane vert i reirområdet enno litt, med flokkar seg saman med andre hannar lenge før klekkinga. Hoa rugar i 24-29 døgn. Ungane dreg frå reiret så snart dei er turre. Hoa er saman med dei til dei er flygedyktige 35-40 døgn gamle. Havellene har eit kull i året.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Dei norske havellene overvintrar ute ved kysten eller i fjordane saman med haveller og andre ender lengre austfrå. Truleg finst det 50 000-100 000 haveller på norskekysten vinterstid, dei fleste i Nord-Noreg. Om våren flyg dei inn til hekkeplassane. Dette trekket går føre seg om kvelden og natta, og treklangen til havellene er lett kjenneleg i halvmørket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk fugleatlas, 1994.