Hubro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubro


Hubro Foto: Adrian Pingstone
Hubro
Foto: Adrian Pingstone

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Bubo

Hubroen er den største uglearten i den norske faunaen. Han er å finna i store delar av Europa og Asia, og kjennest att på fjørhorna. Fuglen er kategorisert som truanorsk raudliste 2006.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Hubroen er Europas største ugle med sine 66-71 cm/2-3 kg. Fargen er mørkt brun med lyse flekkar på oversida, gulbrun med mørke striper på langs på undersida. Beina og føtene er fjørkledde. På hovudet har fuglen to store fjørhorn som ikkje er synlege i flukt.

Kjønna er stort sett like, men hoa er litt større.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar hubroen primært langs kysten til Nordland. Spreidde par har vorte observert i Troms og Finnmark. Tidlegare var han helst å finne i skogsområde i indre austlandområde, men her har bestanden gått merkbart attende. Hovudgrunnen til tilbakegangen er strukturendring i jordbruket, og at fuglane kolliderer med elektriske leidningar. Hubroen har og vorte forfulgd av menneske, og etter at arten vart totalfreda i 1970. Hubroane er natt- og skumringsaktive dyr som jaktar på små pattedyr og små til middelsstore fuglar. Dei tek mellom anna storfugl.

Arten hekkar på bakken under berghamrar eller på fjellhyller. Hekketida er mellom mars og september, avhengig av kvar i utbreiingsområdet fuglen bur. Det vert lagt 1-4 egg som vert klekt etter 26-31 dagar ruging. Ungane vert verande opptil 50 dagar i reiret.

Hubroen er for det meste standfugl. særleg er det lite vandring mellom fuglar langs kysten . Av fuglar ringmerka i Noreg er det få som trekkjer utanlands. Nokre ar attfunne i Sverige, men då i nærleiken av Norskegrensa.

Eldste fugl registrert ved attfunn av ringmerka fugl i Noreg er 19 år 6 mnd.

Prosjekt hubro[endre | endre wikiteksten]

I 1975 starta WWF, Verdens Naturfond "Prosjekt Hubro" for å auke talet på hubroar på Austlandet. Hoer forplanta seg i fangenskap, og så sette ein ut ungfugl i aktuelle område. Fram til 1980 vart over 600 ungfuglar utsette. Ein feste radiosendar på nokre av fuglane for å følgje med på eventuelle vandringar. Det synte seg at svært mange miste livet ved kollisjon med kraftleidninar.

Årets fugl[endre | endre wikiteksten]

Norsk ornitologisk foreining har i 2008 peika ut hubro som «årets fugl». Det tyder mellom anna at det skal samlast inn så mykje informasjon som råd om denne fuglen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]