Iráklia
Iráklia (gresk Ηράκλεια), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I 2001 hadde øya 151 innbyggjarar.
Iráklia var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya ligg mellom Náxos og Íos ved naboøyane Skhinoúsa, Koufonísia, Donoúsa og Amorgós. Hamna heiter Ájos Jeórjos, medan hovudlandsbyen vert kalla Panajía. Dei største grottene i Kykladane ligg på Iráklia. Ein kan nå Iráklia med båtar frå Pireus, Náxos og Páros.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Irakleia, Cyclades frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||