Tínos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tínos
Lokalt namn: Τήνος
Hamna på Tínos
Hamna på Tínos
Geografi
2011 Dimos Tinou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°32′N 25°10′EKoordinatar: 37°32′N 25°10′E
Øygruppe Kykladane
Areal 194 km²
Høgaste punkt Tsikniás (750 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Tínos
Demografi
Folketal 5 203 (2001)
Folketettleik 27 /km²

Tínos (gresk Τήνος, italiensk Tine) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart Tínos kalla Ophiussa og Hydroessa. Dei næraste øyane er Ándros, Dílos og Mýkonos. Ho har eit areal på 194 km² og eit folketal på rundt 5 200 innbyggjarar.

Tínos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Tínos er den einaste kommunen i periferieininga og omfattar dei tre tidlegare kommunane Tínos, Exomvoúrgo og Pánormos.

Mellom 1207 og 1715 høyrte Tínos til Republikken Venezia, og frå 1715 til 1821 høyrte ho til Det osmanske riket før ho vart ein del av Hellas.

Tínos er hos grekarane kjend for kyrkja Panajía Evangelístria, dei om lag 20 vindmøllene, om lag tusen kunstneriske dueslaga, femti aktive landsbyar og dei venetianske festningsverka i fjellet, Exomvoúrgo.

Øya ligg om lag midt i Kykladane og på grunn av kyrkja Panajía Evangelístria, som visstnok inneheld eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria kjem det årleg mange pilegrimar her. Dette er kanskje den mest aktive pilegrimstaden aust i Middelhavet i dag.

Av mineralressursar på øya finn ein marmor, Verde antico, asbest og eit granitbrot nær Volkas.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Tínos har eit variert landskap. Frå kysten ved Pánormos og Kolυmbíthra på nordkysten til Kiónia, Ájos Jánnis O Pórtos og Ájos Sóstis på sørkysten har Tínos mange strender. Tsikniás er det høgaste fjellet med ei høgd på 750 moh. Fjellet Exomvoúrgo er meir særmerkt og er meir kvassare enn dei avrunda fjella ellers i Kykladane, og har ein utsjånad som høyrer meir heime i Alpane. Mellom Tsikniás og Exomvoúrgo ligg den frodige sletta Falatádos. Dette området er unikt på øya sidan det er relativt flatt, som er sjeldan på øya. Dette har gjort ho til ein sterk kandidat for ein flyplass som enno ikkje er bygd på øya. Vinden Meltemi og protestar frå dei lokale landsbybuarane har så langt stoppa denne bygginga. Området rundt Vólax er surrealistisk og svært uvanleg med store rullesteinar på storleik med store bygningar. Landsbyen Vólax ligg midt i dette landskapet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tínos har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og milde og våtare vintrar.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Maks. 14 °C 15 °C 16 °C 19 °C 22 °C 26 °C 28 °C 28 °C 26 °C 23 °C 19 °C 15 °C
Min. 10 °C 10 °C 11 °C 13 °C 17 °C 21 °C 23 °C 24 °C 21 °C 19 °C 15 °C 12 °C
Nedbør 20 18 13 13 8 0 0 0 5 5 15 28
Vind i km/t 29 30 26 20 21 23 23 26 23 26 23 28

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Agápi
  • Falatádos
  • Kalloní
  • Kámbos
  • Kardianí
  • Kómi
  • Ktikádos
  • Liváda
  • Mountádos
  • Órmos Panórmou
  • Pánormos
  • Stení
  • Tarambádos
  • Tínos
  • Triantáros
  • Ystérnia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi