Nile Rodgers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nile Rodgers

Nile Rodgers i studioet sitt, Le Crib Studios.
Fødd10. september 1952
New York City i New York
FødestadNew York by
FødenamnNile Gregory Rodgers
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
SjangerPop, rock, R&B, disco
InstrumentGitar
Tilknytte artistarChic, Madonna, Diana Ross, Duran Duran, David Bowie
PlateselskapSumthing Else Musicworks
Verka somProdusent, låtskrivar, musikar, arrangør
BornNathan Rodgers
PrisarIcon Award, Rock and Roll Hall of Fame, Polar Music Prize

Nile Gregory Rodgers (fødd 19. september 1952) er ein amerikansk musikar, låtskrivar, arrangør, produsent og gitarist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rodgers starta karrieren sin som studiogitarist i New York, og turnerte med Sesame Street-bandet i tenåra før han arbeidde i husbandet i Apollo Theater i Harlem, der han spelte med artistar som Screaming Jay Hawkins, Maxine Brown, Aretha Franklin, Ben E. King, Betty Wright, Earl Lewis and the Channels, Parliament Funkadelic og mange andre legendariske R&B-artistar.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Nile møtte bassist Bernard Edwards i 1970. I lag danna dei The Big Apple Band som akkompagnerte R&B-bandet New York City («I’m Doing Fine Now»). Denne eine hitten til bandet gjorde at dei kunne legge ut på ein omfattande turne, og varma mellom anna opp for The Jackson 5 på den amerikanske delen av den første verdsturneen deira i 1973. Bandet vart oppløyst etter at det andre albumet deira vart mislukka, men Rodgers og Edwards slo seg saman med trommeslagar Tony Thompson, og starta eit funkrock band kalla The Boys, som spelte mange konsertar på austkysten. Dei fekk derimot ikkje platekontrakt.

Chic[endre | endre wikiteksten]

Som The Big Apple Band, arbeidde Rodgers og Edwards med Ashford & Simpson, Luther Vandross og fleire andre. Sidan ein annan New York-artist, Walter Murphy, òg hadde eit band kalla The Big Apple Band, vart Rodgers og Edwards tvungen til å endre namn for å unngå forvirring. Så i 1977 kalla dei bandet Chic. Mellom konsertane sine spelte dei inn det første albumet med dåverande sjef Luther Vandross, som song korvokal på dei tidlege innspelingane til bandet. Bandet fekk fleire store hittar og var med å populariteten til disco til nye høgder. Av hittane deira finn ein «Le Freak», «I Want Your Love», «Everybody Dance», «Dance, Dance, Dance», «My Forbidden Lover» og «Good Times» har vorte disco-standarar. «Le Freak» er den einaste triple platinaplata til Atlantic Records.

Suksessen til dei første singlane til Chic gjorde at Atlantic gav Rodgers og Edwards høvet til å produsere kven dei ønskte i stallen deira. Dei valde Sister Sledge og albumet deira We Are Family, nådde 3. plass og låg på lista til langt inn i 1979. Dei første to singlane deira, «He's the Greatest Dancer» og «We Are Family» nådde begge førsteplassen på R&B-lista og respektive 6. og 2. plass på poplista. «He’s the Greatest Dancer» vart sampla i 1998 for Will Smith sin «Gettin' Jiggy Wit It».

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

1980-åra var utan tvil det mest suksessfulle tiåret til Rodgers og Edwards kommersielt sett. I 1980 skreiv og produserte dei albumet Diana for Diana Ross, som gav dei enorme hittane «Upside Down» og «I'm Coming Out». Chic-songen «Good Times» spelte ei vesentleg rolle i hip hop-eksplosjonen, sidan basslinja og strykeseksjonen var grunnlaget for The Sugarhill Gang sin «Rapper's Delight», den første hip hop-singelen som selde til fleire platinaplater. Chic Organization produserte den store hitten «Spacer» for den franske discoartisten Sheila and B. Devotion og soloalbumet til Deborah Harry, Koo Koo.

Chic vart oppløyst i 1983 etter at kontrakten med Atlantic gjekk ut med albumet Believer og filmmusikken til Soup For One. På denne tida starta Rodgers ein solokarriere og laga det første albumet sitt, Adventures in the Land of the Good Groove.

Rodgers produserte i 1983 albumet Talkback av det kanadiske New Wave/New Romantic-bandet Spoons, med hittane «Old Emotions» og «Romantic Traffic».

Rodgers produserte det besteseljande albumet til David Bowie, Let's Dance med fleire hitsinglar, som «China Girl», «Modern Love» og tittelsporet «Let’s Dance». Han produserte singelen «Original Sin» av INXS. Duran Duran arbeidde mykje med Rodgers etter at han medproduserte den største hitten deira, «The Reflex» i 1983 og følgde opp med «The Wild Boys» på konsertalbumet deira Arena i 1984.

Same året produserte han Madonna-albumet Like a Virgin, som gav ho to av signaturlåtane hennar, «Material Girl» og tittelsporet «Like a Virgin». Han vart òg med Robert Plant i bandet The Honeydrippers og albumet The Honeydrippers: Volume One. I denne perioden byrja Rodgers å skrive meir musikk for filmar, og dei første av desse var Alphabet City, Gremlins («Out Out» - Peter Gabriel) Against All OddsWalk Through the Fire» - Peter Gabriel), That's Dancing («Invitation to Dance» - Kim Carnes), White Nights (fleire songar) og The Fly («Help Me» - Bryan Ferry).

I 1985 produserte Rodgers album for Sheena Easton, Jeff Beck, The Thompson Twins, Mick Jagger og fleire andre, og fann samstundes tid til å spele på Live Aid. Han vart kåra til den beste singelprodusenten i verda i Billboard det året.

I 1986 produserte han Duran Duran sitt Notorious, som gav hitten «Notorious». Han produserte òg album for Grace Jones, Earth Wind and Fire- vokalist Phillip Bailey og Al Jarreau. Rodgers spelte på «Higher Love» med Steve Winwood, og plater av Cyndi Lauper, Howard Jones og David Sanborn. Han arbeidde så med Peter Gabriel på nok ein film, Laurie Anderson sin Home of the Brave.

Rodgers danna eit kortvarig eksperimentelt band, Outloud ,i 1987, med David Letterman sin gitarist, låtskrivar og vokalist, Felicia Collins, i lag med den franske studiomusikaren, komponisten og klaverspelaren Philippe Saisse. Dei gav ut eit album, Outloud, på Warner Brothers.

I 1988 komponerte Rodgers den første orkestermusikken sin for filmen Coming to America (den nest mest innbringande filmen det året) med Eddie Murphy. Rodgers følgde opp dette med filmmusikk for White Hot og Earth Girls Are Easy. Sistnemnde sette han i kontakt med The B-52’s. I 1989 var han medprodusent på comeback-albumet deira Cosmic Thing, som selde til fleire platinaplater, og som gav hitsinglane «Love Shack», «Roam», «Cosmic Thing» og «Deadbeat Club». Same året produserte han Workin' Overtime det første albumet til Diana Ross for Motown på mange år, i tillegg til album av Dan Reed Network, Slam, og Duran Duran. Det var det mest suksessfulle tiåret for både Rodgers og mange av artistane han arbeidde med.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I september 1990 gav Epic Records ut det Rodgers-produserte Vaughan Brothers-albumet Family Style, kort tid etter gitarvirtuosen Stevie Ray Vaughan døydde. Tidleg på 90-talet produserte han òg album for David Bowie, Eric Clapton, The B-52s, David Lee Roth, Ric Ocasek, The Dan Reed Network, Cathy Dennis, Patty Griffin,[1] Jimmy Vaughan, The Stray Cats og mange andre artistar, og heldt fram med å skrive filmmusikk for filmar som Thelma and Louise, Cool World og The Beavis and Butt-head Experience. Etter ein gebursdagsfest i 1992 der Rodgers, Bernard Edwards, Paul Shaffer og Anton Fig spelte gamle Chic-hittar til enorm respons, starta Rodgers og Edwards ei ny utgåva av Chic. Dei spelte inn nye songar for albumet Chic-Ism og la ut på ein verdsturné.

I 1996 vart Rodgers kåra til JT Super Produsent det året. Han spelte med Edwards, Sister Sledge, Steve Winwood, Simon Le Bon og Slash i ei rekkje konsertar i Japan. Uheldigvis døydde samarbeidspartnaren og den nære venen Bernard Edwards av lungebetennelse under reisa, og Rodgers tok dette særs hardt. Eit år seinare vendte Rodgers attende til Japan for å hylle den døde venen.

Han starta å halde konsertar att og skreiv musikk for filmane Beverly Hills Cop 3, Blue Chips, The Flintstones og Feeling Minnesota (i lag med Bob Dylan) for å nemne eit par.

I 1998 skipa han plateselskapet Sumthing Else Music Works og Sumthing Distribution, eit sjølvstendig distribusjonsselskap. Sumthing fokuserer på å distribuere musikk frå videospel. Av titlar dei har gjeve ut finn ein Halo, Resident Evil, Gears of War og Borderlands.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Rodgers heldt fram å fokusere på musikk for både film og videospel. Mellom anna medverka han på Rush Hour 2, Snow Dogs og Semi-Pro med Will Ferrell. I 2002-2003 produserte han albumet Astronaut med dei fem originale medlemmane av Duran Duran.

I 2002 var han òg med på samleplata til Red Hot Organization, Red Hot and Riot. Plata var ei hyllest til afropop-pioneren Fela Kuti, og Rodgers skreiv om fleire av Kuti-songane, «Water No Get Enemy» og «Zombie (Part Two)».

Etter 11. september-hendinga skipa Rodgers We Are Family Foundation (WAFF) for å støtte offera etter katastrofen. I starten spelte han inn på ny songen han og Edwards skreiv for Sister Sledge, «We Are Family» med meir enn 200 musikarar og kjendisar. Regissør Spike Lee laga ein musikkvideo for songen, og Danny Schechter laga ein dokumentar av innspelinga kalla The Making and Meaning of We Are Family. Filmen vart vald som ein Sundance Film Festival Special Selection i 2002. Rodgers lagde så ein annan musikkvideo for «We Are Family» med meir enn 100 barne-TV-karakterar.

Rodgers mottok National Academy of Recording Arts and Sciences (NARAS) NY Chapter's Governor's Lifetime Achievement Award and the Heroes Award. 19. september 2005 vart han åra i Dance Music Hall of Fame i New York der han vart innlemma for bidraga sine som produsent i lag med tidlegare bandkamerat Bernard Edwards.

Chich har vore nominert til Rock & Roll Hall of Fame fire gonger - 2003, 2006, 2007 og 2008. Rodgers var ein av dei musikalske leiarane for hyllestkonserten til Ahmet Ertegün ved Montreux Jazz Festival sommaren 2006. På konserten spelte Chic, Robert Plant, Steve Winwood, Stevie Nicks, Kid Rock, Ben E. King, Chaka Khan, George Duke (den andre musikalske leiaraen), Paolo Nutini og mange andre artistar som var ein del av Ertegün sitt Atlantic Records. Ein PBS-dokumentar, Atlantic Records: The House That Ahmet Built, nyttar klipp frå denne konserten, som var ein av dei siste gongane Ertegün vart filma før han døydde.

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2007 har Rodgers skrive på ein sjølvbiografi som vart publisert av Random House (Spiegel & Grau) og Little Brown i 2011. Han held fram å turnere og produsere konsertar etter gjenforeininga av The Chic Organization.

I januar 2011 vart det kjend at Rodgers hadde fått diagnosen kreft.[2]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Chic[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Adventures in the Land of the Good Groove (1983)
  • B-Movie Matinee (1985)
  • Outloud (1987)
  • Chic Freak and More Treats (1996)

Produksjon (utval)[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]