Ruapehu District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruapehu District
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Folketal: 13 650 (Estimat i juni 2008) [1]
Største by: Taumarunui
Andre byar: National Park, Ohakune, Ohura, Owhango, Raetihi, Waiouru, Whakapapa Village
Distriktsstyre
Ruapehu District.svg
Namn: Ruapehu District
Leiar: Sue Morris
Største høgde: 2 797 m.o.h.
Areal: 2 624,115 km²
Heimeside: http://www.ruapehudc.govt.nz
Regionstyre
Namn: Manawatu-Wanganui (Horizons Regional Council)
Heimeside: http://www.horizons.govt.nz/

Ruapehu District er eit distrikt sentralt på NordøyaNew Zealand. Det ligg i regionen Manawatu-Wanganui.

Det har ei flatevidd på 6 730,185 km² og eit folketal på 13 650 (estimat i juni 2008)[1].

Kjennemerke[endre | endre wikiteksten]

Natt over Mount Ruapehu.

Distriktet er omgjeve av land til alle sider. Her ligg det kjende fjellet Mount Ruapehu, nasjonalparken Tongariro National Park og Raurimu Spiral, ein kjend spiralkonstruksjon på hovudjarnvegslinja på Nordøya (North Island Main Trunk railway line).

Turiststadane Whakapapa, National Park og Ohakune ligg også i distriktet.

Den vesle byen Waiouru, som ligg 815 m.o.h., ligg heilt aust i distriktet og hyser den store militærleiren Waiouru Army Camp.

Den berykta Desert Road (Øydemarksvegen), ein del av hovudvegen State Highway 1, startar i distriktet ved Waiouru, og passerer Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro før han endar i Rangipo.

Mudderflaum (lahar) frå kratersjøenMount Ruapehu var årsaka til Tangiwaikatastrofen julaftan 1953, der 151 menneske mista livet, då Tangiwaibrua over Whangaehu River fall saman.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistics New Zealand 23. oktober 2008. "Subnational Population Estimates". Henta 2. juni 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]