Virvelstraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Virvelstraum (òg kalla foucaultstraum) er ein elektrisk straum som vert induser i eit leiande materiale når det blir ført gjennom eit inhomogent magnetfelt. På grunn av motstanden i materialet oppstår det effekttap når noko av den elektriske energien går over til termisk energi. Ein kan til ein viss grad hindre at det flyt virvelstraumar ved å byggje leiaren som eit laminat av mange tynne lag av leiande materiale med isolerande lag mellom. Denne teknikken vert nytta i transfopormatorar og elektrisk maskin. Tap på grunn av virvelstraumar kan nyttast for å innføra demping i magnetiske krinsar, som til dømes relé og einskilde typar elektriske måleinstrument.

Virvelstraumar blir ofte kalla foucaultske straumar etter oppdagaren Jean Bernard Léon Foucault.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kraus, J.D., Electromagnetics, McGraw-Hill, 1984.
  • McPherson, An introduction to electrical machines and transformers, John Wiley & Sons, 1981.