Elektrostatisk induksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullblad elektroskop som syner induksjon før terminalen vert jorda.

Elektrostatisk induksjon, elektrisk influens eller elektrisk fordeling er ei omfordeling av elektrisk lading i ein lekam, som kjem av påverknad frå nærliggande ladingar.[1] Induksjon vart oppdaga av den britiske forskaren John Canton i 1753 og den svenske professoren Johan Carl Wilcke i 1762.[2] Elektrostatiske generatorar, som Wimshurst-maskinen, Van de Graaff-generator og elektrofor, nyttar seg av dette prinsippet. Elektrostatisk induksjon må ikkje forvekslast med elektromagnetisk induksjon og ofte vert berre «induksjon» nytta om dei begge.

Sjølvinduksjon er når det oppstår ei elektromotorisk spenning i ein straumførande krins når straumen varierer.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Om ein lekam med positiv elektrisk ladning vert plassert i nærleiken av ein ulada elektrisk leiar, så vil dei bevegelege elektrona i leiaren trekkast til den sida av leiaren som vender mot den positive ladinga. På den motsette sida av leiaren vert det underskot av elektron, og dermed positiv lading. Verknaden forsvinn så snart lekamen vert fjerna. Om leiaren vert forbunde med jrod medan den ladde lekamen finst i nærleiken, forsvinn ladinga på den sida av leiaren som vender bort frå den opphavlege ladinga, medan ladingane på den næraste sida er bundne på grunn av det elektriske feltet i området mellom leiaren og den ladde lekamen. Om ein så bryt jordsambandet til leiaren, og så fjernar den opphavlege ladinga, så vil leiaren ha fått ein resulterande negativ lading, altså motsett av den ladinga som framkalte den elektrostatiske induksjonen.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Effekten vert mellom anna nytta i influensmaskinar. I dielektriske lekamar oppstår det òg elektrostatisk induksjon, men då berre ved ei forskyving av ladingane innan kvart enkelt molekyl. På den måten vert lekamen polarisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Electrostatic induction». Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica, Inc. 2008. Henta 25. juni 2008. 
  2. «Electricity». Encyclopaedia Britannica, 11th Ed. 9. The Encyclopaedia Britannica Co. 1910. s. 181. Henta 23. juni 2008.