Magnetisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnetisering eller magnetisk polarisering er det å gjere stoff magnetiske ved hjelp av ein elektromagnet eller liknande. Magnetisering kan drivast opp til ein når eit bestemt metningspunkt. Avmagnetisering oppnår ein ved gradvis å minske amplituden til den periodisk varierande feltstyrken som elektromagneten skapar.

Magnetisering er eit vektorfelt som uttrykker tettleiken til permanente eller induserte magnetiske dipolmoment i eit magnetisk stoff. Opphavet til det magnetiske momentet som er ansvarleg for magnetiseringa kan anten vere mikroskopiske elektriske straumar som kjem av elektronrørsla i atom, eller spinnet til elektrona eller kjernen. Netto magnetisering kjem av korleis stoffet reagerer på eit ytre magnetfelt, i lag med ubalanserte magnetiske dipolmoment som kan ligge i sjølve stoffet, til dømes i ferromagnetar. Magnetiseringa er ikkje alltid homogen i ein lekam, men varierer mellom forskjellige punkt. Magnetiseringa skildrar òg korleis eit stoff reagerer på eit påført magnetfelt i tillegg til korleis stoffet endrar magnetfeltet, og kan nyttast til å rekne ut krafta som oppstår frå desse vekselverknadane. Det kan samanliknast med elektrisk polarisasjon, som er målet på korleis eit stoff reagerer på eit elektrisk felt i elektrostatikk. Fysikarar og ingeniørar definerer magnetisering som storleiken til magnetisk moment per volum og vert representert ved vektoren M.

Magnetisasjon er mål for grada av magnetisering og er lik det magnetiske momentet per volumeining. SI-eininga er ampere per meter (A/m).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]