Alessandro Volta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alessandro Volta

Fødd18. februar 1745
Como
Død5. mars 1827
Como
NasjonalitetHertugdømet Milano, Den cisalpinske republikken, Napoleons italienske kongedømme, Kongedømet Lombardia-Venetia
Områdefysiologi
Yrkefysikar, oppfinnar, akademikar, kjemikar
InstitusjonarUniversitetet i Pavia
EktefelleTeresa Peregrini
BarnZanino Volta
MedlemAccademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
National Virgilian Academy
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Académie des sciences, belles-lettres et arts de Rouen

Alessandro Giuseppe Antonio Anastasio Volta (18. februar 17455. mars 1827) var ein italiensk vitskapsmann, som er kjend for å ha utvikla det første elektriske batteriet, voltasøyla. Måleininga for elektrisk spenning, volt har fått namn etter han. Han oppdaga òg gassen metan.

Bakgrunnen for at batteriet vart til hadde opphavet sitt i ei tilfeldig oppdaging. Italienaren Luigi Galvani (1737-1798) var forelesar i anatomi og professor ved Universitetet i Bologna. Galvani forska på elektrisitet i dyr. Han hadde fatta interesse for emnet då han la merke til korleis musklane til ein frosk av og til rykte til. Dette skjedde når frosken låg klår til dissekering på eit bord, der det òg var ein elektrisk maskin. Galvani viste korleis slike rykningar kunne framkallast ved å kople musklane til ein daud frosk direkte til ein slik maskin. Men den viktigaste observasjonen kom då beina til froskane vart hengt opp på ein messingkrok som kom i kontakt med eit gjerde av jarn og dei same rykningene viste seg. Etter å ha freista dette nokre gonger konkluderte han med at rykningar var lagra eller produsert i musklane til frosken.

Dette var Alessandro Volta heilt usamd i. Volta var professor i eksperimentell fysikk ved Pavia-universitet i Lombardia. Han meinte at rykkingane skuldast elektrisitet, men at han kom frå ei utvendig kjelde. I Galvani sitt tilfelle var det gnidinga mellom messingkroken og gjerdet av jarn. Dette var det vanskelege å bevise. Men Volta var veldig god til å eksperimentere. Volta gnei metall saman og stakk så tunga si mellom dei for å merke den elektriske straumen som rørde seg mellom metalla. Nytte av tunga var meir fintfølande enn noko anna eksisterande apparat på den tida.

Arbeidet hans vart hindra av bråket under den franske revolusjonen og ein politisk strid mellom Austerrike og Frankrike om regionen. Men i 1799 hadde Volta funne opp eit tilfredsstillande apparat, som vart kalla voltasøya og som vart det aller første batteriet. Dette batteriet bestod av ei søyle med sølv- og sinkplater, stabla om kvarandre og skilt av papplater, dyppa i saltoppløysing. Ved å kople endene til ein krins med ladningar, vart det for første gongen produsert ein meir eller mindre kontinuerleg flyt av elektrisk energi. Dette i motsetnaden til kondensatoren som kvitta seg med all energien med ein gong han vart kopla til noko. Der tidlegare forskarar berre forska på statisk elektrisitet, gav den nye oppfinninga forskarar utalt nye høve. No kunne dei kontrollere flyten av straum på eigahand. Dette gjorde at fysikarane no oppdaga nye og uventa eigenskapar ved elektrisitet, som dei ikkje hadde føresett.

Volta vart æra for arbeidet sitt 54 år etter han døydde, då måleininga for elektrisk spenning offisielt vart kalla volt.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]