Svartaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartaks
Svartaks
Svartaks
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Slekt: Trisetum
Art: Svartaks T. spicatum
Vitskapleg namn
Trisetum spicatum

Svartaks (Trisetum spicatum) er ein fleirårig planteart i grasfamilien.

Han blir 10–30 cm høg og veks i tuer. Stråa, blada og bladslirene er dekte av hår. Planten blomstrar i juli–august. Blomane sit i ein topp som er 2–4 cm lang, 1 cm brei, sylindrisk og vanlegvis brunfiolett. Småaksa sit tett, så toppen minner om eit stort aks. Arten veks på fuktig, ofte kalkhaldig grus i fjellet og nordlege strøk. Han finst i snøleie, rasmark, bekkekantar og reinrosehei.[1][2]

Svartaks er sirkumpolart utbreidd i arktiske strøk. Han finst òg i mange fjellkjeder lengre sør, mellom anna Pyreneane, Alpane, Appenninane, Kaukasus, Dei pontiske fjella, Pamir, Tian Shan, Altaj, Himalaya, dei vestlege fjella i Nord-Amerika og Appalachane. Arten finst òg i nokre fjell i tropane og på den sørlege halvkula, som Borneo, Australia, New Zealand, Dei subantarktiske øyane, Hispaniola og Sør-Amerika.[2][3]

Topp hos svartaks

Trisetum spicatum i vid tyding varierer mykje morfologisk, og det finst former med både tetraploid og heksaploid kromosomtal. Botanikarane har så langt ikkje blitt samde om korleis artskomplekset bør splittast i eventuelle underarter og artar.[3]

I Noreg er svartaks vanleg i heile fjellkjeda frå Haukelifjell til Nordkapp. I Jotunheimen veks han opptil 2220 moh., i Nord-Noreg går han opptil 700 moh. og i Nord-Sverige er han funnen opp til 1550 moh. Arten er òg vanleg på Svalbard og Jan Mayen.[2][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. B. Mossberg og L. Stenberg. Gyldendals store nordiske flora. Gyldendal. s. 861. ISBN 978-82-05-42485-2. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Fjällhavre». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 13. juli 2022. Henta 1. desember 2019. 
  3. 3,0 3,1 R. Elven m.fl. (red.) The Trisetum spicatum aggregate T. molle, T. spicatum i Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF): Vascular plants. Besøkt 1. desember 2019.
  4. «Svartaks Trisetum spicatum». Artsdatabanken. Arkivert frå originalen 21. februar 2022. Henta 1. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]