The Stranger av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Stranger
Studioalbum av Billy Joel
Språk engelsk
Utgjeve 29. september 1977
Innspelt A&R Recording, Inc., 799 Seventh Avenue, New York City, juli og august 1977
Sjanger Rock, poprock
Lengd 42:13
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
Turnstiles
(1976)
The Stranger 52nd Street
(1978)
Singlar frå The Stranger
  1. «Just the Way You Are»
    Utgjeve: September 1977
  2. «Movin' Out (Anthony's Song)»
    Utgjeve: 1. november 1977
  3. «Only the Good Die Young»
    Utgjeve: 1977
  4. «She's Always a Woman»/«Vienna»
    Utgjeve: 1977
  5. «The Stranger»
    Utgjeve: 21. mai 1978 (berre Japan)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Robert Christgau(B-)[2]
NeuFutur4/5 stars (Deluxe Edition)[3]
PopMatters6/10 stars (Deluxe Edition)[4]
Rolling Stone4/5 stars (Deluxe Edition)[5]
Slant Magazine4/5 stars[6]
Uncut4/5 stars[7]

The Stranger er det femte studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut den 29. september 1977. Dei fire førre albuma hans hadde ein viss suksess, men The Stranger vart det store gjennombrotet til Joel. Det låg seks veker på andreplassen på den amerikanske albumlista. Det vert rekna som hans magnum opus og er det bestseljande albumet hans, om ein ser bort frå samleplater, og vart rangert på 70. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

The Stranger består av ni songar. Songane «Movin' Out (Anthony's Song)», «She's Always a Woman», «Just the Way You Are», «Everybody Has a Dream», og «Only the Good Die Young» var ferdig før innspelinga starta, medan «Vienna», «Scenes from an Italian Restaurant», «The Stranger» og «Get It Right the First Time», som kom fram frå kortare melodiar, vart skrivne ferdig i studio. Tekstane på albumet er forteljande og kvar av songane fortel ei soge. Den over sju minuttar lange «Scenes From an Italian Restaurant» byrja som ein kortare song kalla «The Ballad of Brenda and Eddie», som vart den tredje delen av «Italian Restaurant.» Då han skreiv «The Stranger», plystra Joel melodien på songen for produsenten Phil Ramone, og hevda at han måtte finne eit instrument som kunne spele melodien. Ramone svarte: «Nei, det treng du ikkje. Det er 'The Stranger' (den framande), plystringa».[treng kjelde]

Fire av singlane frå plata gjekk inn på Billboard Hot 100 i følgjande rekkefølgje: «Just the Way You Are» (#3), «Movin' Out» (#17), «Only the Good Die Young» (#24) og «She's Always a Woman» (#17). Mange av songane vart standardar på FM-radiostjonar som speler classic rock og adult contemporary.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Mykje av suksessen til albumet er tilskriven samarbeidet mellom Joel og produsenten Phil Ramone, som brukte nyskapande produksjonsmetodar. Dei skulle samarbeide i lag det neste tiåret. Singlane frå albumet var mellom andre «Just the Way You Are» (som vann Grammy for både årets plate og årets song) og den akustiske balladen «She's Always A Woman», den svakt kontroversielle «Only the Good Die Young» og «Movin' Out (Anthony's Song)», som seinare lånte tittelen sin til musikalen Movin' Out, basert på songane til Billy Joel. Albumet overtok plassen til Simon and Garfunkel sitt Bridge Over Troubled Water som det bestseljande albumet til Columbia Records på den tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Joel.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Movin' Out (Anthony's Song)»3:30
2.«The Stranger»5:10
3.«Just the Way You Are»4:52
4.«Scenes from an Italian Restaurant»7:37
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Vienna»3:34
6.«Only the Good Die Young»3:55
7.«She's Always a Woman»3:21
8.«Get It Right the First Time»3:57
9.«Everybody Has a Dream / The Stranger (Reprise)»6:38

30-årsjubileum[endre | endre wikiteksten]

I juli 2008 vart ei spesial 30-årsjubileumsutgåve av The Stranger gjeven ut. Det bestod av to spesialutgåver: ein dobbel Legacy Edition, og ein Deluxe Limited Edition (med dei to CDane og ein bonus-DVD). Den avgrensa deluxe-utgåva inneheld ein CD av det originale albumet (remastra av produsenten Phil Ramone), og ein CD med ein konsert som ikkje før var gjeven ut, Live At Carnegie Hall 1977, spelt inn den 3. juni 1977, ein månad før innspelinga av The Stranger starta. DVDen inneheld to konsertopptak frå The Stranger og Joel si framføring på Old Grey Whistle Test på BBC, ein 60 minuttar lang konsert frå 1978.

Alle songar er skrivne av Billy Joel.

Live at Carnegie Hall, June 3, 1977 CD
Nr.TittelLengd
1.«Miami 2017 (Seen The Lights Go Out On Broadway)»5:11
2.«Prelude/Angry Young Man»6:05
3.«New York State of Mind»8:20
4.«Just the Way You Are»4:56
5.«She's Got a Way»3:32
6.«The Entertainer»6:09
7.«Scenes from an Italian Restaurant»7:35
8.«Band Introductions»2:02
9.«Captain Jack»6:51
10.«I've Loved These Days»4:29
11.«Say Goodbye to Hollywood»6:45
12.«Souvenir»2:09
Bonus DVD
  • Live Promotional Videos, 1977
  1. «The Stranger»
  2. «Just the Way You Are»
  • The Old Grey Whistle Test on BBC 1 (First transmitted 14 March 1978)
  1. «Intro»
  2. «Miami 2017 (Seen The Lights Go Out On Broadway)»
  3. «Movin' Out (Anthony's Song)»
  4. «New York State of Mind»
  5. «The Entertainer»
  6. «She's Always a Woman»
  7. «Root Beer Rag»
  8. «Just the Way You Are»
  9. «Only the Good Die Young»
  10. «Souvenir»
  11. «Ain't No Crime»
  • 30 Minute Making of The Stranger Documentary
Best Buy exclusive bonus CD (Live at Nassau Coliseum 12/77)
  1. «Just the Way You Are»
  2. «Vienna»
  3. «The Ballad of Billy the Kid»
  4. «Get It Right the First Time»
  5. «Summer, Highland Falls»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Live at Carnegie Hall 3. juni 1977

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australian Kent Music Report Chart[9] 3
Canadian RPM Albums Chart[10] 2
Nederland[11] 36
Frankrike[12] 15
Italia[13] 21
Japan[14] 3
New Zealand[15] 2
UK Albums Chart[16] 24
U.S. Billboard 200 [17] 2
2008-utgåva
Liste (2008) Plassering
Japan[18] 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Stranger av Billy JoelAllmusic
  2. «CG: Billy Joel». Robert Christgau. Henta 28. august 2014. 
  3. «Billy Joel ※ The Stranger Legacy Edition (CD) |». Neufutur.com. 19. september 2008. Henta 28. august 2014. 
  4. Useted, Tom (24 July 2008). «Billy Joel: The Stranger». PopMatters. 
  5. Rolling Stone[daud lenkje]
  6. Slant
  7. Luke Torn Uncut magazine, September 2008
  8. Rolling Stone[daud lenkje]
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Top Albums/CDs - Volume 29, No. 2, April 08 1978». RPM. 8. april 1978. Henta 8. september 2013. 
  11. «dutchcharts.nl Billy Joel - The Stranger». Hung Medien, dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 8. september 2013. 
  12. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 10. september 2013. Henta 8. september 2013. 
  13. «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1978» (på italiensk). Hitparadeitalia.it. Henta 8. september 2013. 
  14. «東方神起がビリー・ジョエル以来31年ぶり快挙、シングル・アルバム同時TOP3入り» [Tohoshinki Set the Record For The First Time in 31 Years: Reaching the Top-3 on Both of the Singles and Albums Chart Since Billy Joel] (på japansk). Henta 8. september 2013. 
  15. «Charts.org.nz - Billy Joel - The Stranger». Hung Medien, charts.org.nz. Recording Industry Association of New Zea Land. Arkivert frå originalen 1. oktober 2013. Henta 8. september 2013. 
  16. «Billy Joel > Artist > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 8. september 2013. 
  17. «allmusikk ((( The Stranger > Charts & Awards > Billboard Albums )))». AllMusic. Henta 19. mars 2011. 
  18. «ビリー・ジョエル-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks for The Stranger (30th Anniversary Edition) by Billy Joel]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 7. september 2013.