Tine Sundtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tine Sundtoft

Fødd19. april 1967 (57 år)
Lillesand
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
FarKristian Sundtoft
VervNorsk klima- og miljøminister 16. oktober 2013–16. desember 2015
FøregangarBård Vegar Solhjell
EtterfylgjarVidar Helgesen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1989–1993)
  • Norsk miljøvernminister (2013–2015) Sjå dette på Wikidata

Kristine «Tine» Sundtoft (fødd 19. april 1967 i Lillesand) er ein norsk politikar (H). Frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 var ho klima- og miljøvernminister i regjeringa Solberg.[1][2]

Sundtoft er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen BI fra 1990. Ho var regiondirektør i NHO i Agder 1995–2005 og fylkesrådmann i Vest-Agder fylkeskommune frå hausten 2005.[3]

Ho var generalsekretær i Unge Høgre 1990–1992, politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre, medlem av Lillesand kommunestyre, gruppeleiar for Høgre i Aust-Agder fylkesting og 2. vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder 19891993. I 1993 tapte ho kampen om formannsvervet i Aust-Agder Høgre mot sin far, Kristian Sundtoft.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Agderrådets likestillingspris 2009.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erna Solbergs regjering utnevnt, pressemelding, Statsministerens kontor, 16. oktober 2013.
  2. «Sundtoft, Tine (1967-)». Stortinget.no. Henta 3. juni 2017. 
  3. Torkelsen, Jan H. (27. oktober 2005). «Tine Sundtoft - Vest-Agders første kvinnelige fylkesrådmann». Vest-Agder fylkeskommune. Arkivert frå originalen 9. juli 2007. Henta 24. oktober 2013. 
  4. Torkelsen, Jan H. (13. mars 2009). «Agderrådets likestillingspris tildelt Tine Sundtoft». Vest-Agder fylkeskommune. Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 24. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]