Thorbjørn Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thorbjørn Berntsen. Folkets Hus i Oslo 2007
Foto: Harry Wad

Thorbjørn Berntsen (fødd 13. april 1935) i Aker kommune (no Oslo), er ein norsk tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet. Han var i mange år stortingsrepresentant, og var også nestleiar i Arbeidarpartiet. Han var statsråd og sjef for miljøverndepartementet (miljøvernminister) 1990–1997.

Som miljøvernminister blei Berntsen kjend som ein arg motstandar av det britiske atomanlegget Sellafield. Det vekte internasjonal oppsikt då han kalla den britiske kollegaen John Gummer for ein «drittsekk» i samband med ein disputt om sur nedbør og Sellafield-anlegget. Berntsen kom med karakteristikken på norsk, men utsegna blei av engelske aviser omsett med «John Gummer is the biggest shitbag I have ever met».

Thorbjørn Berntsen var stortingsrepresentant frå 1977 til 1997 for Oslo, men møtte allereie som vararepresentant i 1971. Han blei nestleiar i Arbeidarpartiet i 1989.

Før han blei heiltids politikar arbeidde Berntsen som skipsrøyrleggjarNylands verksted i åra 1951-1966, og er såleis ein av dei relativt få sentrale Ap-politikarane i nyare tid som har bakgrunn som industriarbeidar.

I 2006 blei han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Berntsen, Thorbjørn: Atomvåpen og usikkerhetspolitikk, Tiden Oslo 1980
  • Berntsen, Thorbjørn: Klar tale. Fra dokk til ting, Oslo 1988
  • Trond Hansen, Stein Bjørge, Yngve Hågensen og Thorbjørn Berntsen: Stemmer fra jernalderen, Schibsted Oslo 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.