Bård Vegar Solhjell
Bård Vegar Solhjell (fødd 22. desember 1971) er ein norsk politikar og nestleiar i Sosialistisk Venstreparti. Han er frå 20. oktober 2009 parlamentarisk leiar for SV si stortingsgruppe. Ved Stortingsvalet 2009 vart han vald inn på Stortinget for SV i Akershus for perioden 2009–2013.
Solhjell er fødd i Kristiansand og oppvaksen i Naustdal i Sogn og Fjordane, men bur i dag i Vestby i Akershus. Han er utdanna statsvitar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo med fagkretsen sosiologi, samanliknande politikk og idéhistorie.
Frå 18. oktober 2007 var han statsråd og leiar for Kunnskapsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Før det, frå hausten 2005, var han statssekretær ved Statsministerens kontor.
Solhjell var nestleiar i Sosialistisk Ungdom frå 1992 til 1994, og har vore sentralstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti sidan 1999. Mellom 2001 og 2005 var han partisekretær i SV. I 2007 blei han vald som nestleiar i SV. Frå 1992 til 1993 var Solhjell rådsmedlem i organisasjonen Nei til EU. Mellom 2002 og 2005 var han medlem av Kringkastingsrådet.