Trygve Haugeland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Haugeland (18. mars 1914–10. desember 1998), fødd i Lyngdal, var ein norsk politikar frå Senterpartiet.
Regjering [endre]
Trygve Haugeland var statsråd i Miljøverndepartementet og den andre miljøvernministeren i Noreg, i regjeringa Korvald i tida 18. oktober 1972 til 5. mars 1973.
Andre verv [endre]
Trygve Haugeland var stortingsrepresentant frå Vest-Agder i perioden 1958-1961 for Bondepartiet. Han var vararepresentant i periodane 1945-1949 og 1950-1953. Han var varaordførar i Lyngdal kommune 1948-1955.
Trygve Haugeland var medlem av Den Norske Nobelkomiteen i perioden 31. mai 1974 - 31. desember 1984. Trygve Haugeland var leiar i det såkalla ressursutvalet frå 1968 til 1971, som førte fram til opprettinga av Miljøverndepartementet.
Kjelder [endre]
- Stortinget.no - Biografi hos Stortinget.no, vitja 11. mars 2010
- Nobelprize.org - Biografi, vitja 11. mars 2010
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |