Andreas Bjelland Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Bjelland Eriksen

Fødd23. mars 1992 (32 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNorges handelshøyskole
MorCecilie Bjelland
Alle verv

Andreas Bjelland Eriksen (fødd 23. mars 1992) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Sidan 16. oktober 2023 har han vore klima- og miljøminister i regjeringa Støre.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bjelland Eriksenvar elev ved Stavanger Katedralskole, avd. Kongsgard,[2] og er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole.[3]

Han var leiar av AUF i Rogaland frå 2010 til 2012, og medlem av fylkestinget i Rogaland frå 2011 til 2019.

Frå 2021 til 2023 var han statssekretær ved Statsministerens kontor og i Olje- og energidepartementet. Han kom frå stillinga som politisk rådgjevar i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet.

Bjelland Eriksen er son av Cecilie Bjelland.[4]

Bjelland Eriksen er gift og har eitt barn.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statsministerens kontor (16. oktober 2023). «Offisielt fra statsråd 16. oktober 2023» (på norsk). Regjeringen.no. Henta 16. oktober 2023. 
  2. Stavanger Aftenblad Lokal & Kultur: "-De unge må engasjere seg mer", 31. august 2010 s.13.
  3. Statsministerens kontor (14. oktober 2021). «Statssekretær Andreas Bjelland Eriksen» (på norsk). Regjeringen.no. Henta 13. februar 2022. 
  4. «Medier: Støre henter flere fra Stavanger». Dagsavisen. 15. oktober 2023. Henta 15. oktober 2023. 
  5. «Profilert redaktør mener denne Stavanger-statsråden provoserer Oslo Arbeiderparti». Stavanger Aftenblad. 16. oktober 2023. Henta 16. oktober 2023.