Turquoise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turquoise
Singel av Donovan
B-side «Hey Gyp (Dig the Slowness)»
Innspelt 1965
Sjanger Folk
Lengd 3:32
Selskap Pye 7N15984
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Donovan (UK)-kronologi
«Colours»
(5/1965)
Turquoise «Josie»
(2/1966)

«Turquoise» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Singelen vart gjeven ut i Storbritannia den 30. oktober 1965 på Pye Records og nådde 30. plass der. B-sida var «Hey Gyp (Dig the Slowness)». «Turquoise» vart sidan gjeven ut i USA med «To Try for the Sun» som B-side.

«Turquoise» var langt mindre populære enn dei førre singlane «Catch the Wind» og «Colours» og medan desse finst på mange samleplater, er «Turquoise» heilt fråverande.

At singelen ikkje gjorde det særleg bra i Storbritannia fekk truleg Hickory Records til å velje «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» som den neste singelen til Donovan i USA. Singelen var ein av platene i jukeboksen til John Lennon.

Songen vart skriven om venen til Donovan, Joan Baez, som han hevda han var forelska i. Baez spelte inn ein versjon av songen i 1967 for Joan).

Teksten startar:

Your smile beams like sunlight
On a gull’s wing; and the leaves
Dance and play after you;
Take my hand and hold it
As you would a flower;
Take care with my heart, Oh darling:
She’s made of glass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]