Barabajagal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barabajagal
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 11. august 1969
Innspelt Mai 1968 i Olympic Studios i London (spor 3, 4)
November 1968, American Recording Company, Los Angeles, CA (spor 5-8, 10) og
Mai 1969 (spor 1, 2, 9)
Sjanger Folk, rock
Lengd 33:43
Selskap Epic
Produsent Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
The Hurdy Gurdy Man
(1968)
Barabajagal Open Road
(1970)

Barabajagal er det sjuande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i USA den 11. august 196 (Epic Records BN 26481 (stereo)), men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia på grunn av kontraktsproble, som òg hadde hindra Sunshine Superman, Mellow Yellow og The Hurdy Gurdy Man frå britisk utgjeving.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det meste av innspelinga for Barabajagal fann stad i november 1968, men «Happiness Runs» og «Where Is She» vart spelt inn i mai. Alle desse songane, bortsett frå «Atlantis», «I Love My Shirt» og «To Susan on the West Coast Waiting», vart lagt på hylla medan Donovan's Greatest Hits framleis låg høgt på listene. «Atlantis» vart gjeven ut som singel i november 1968 i Storbritannia. I USA vart «To Susan on the West Coast Waiting» gjeven ut med «Atlantis» som B-side i mars 1969. «Atlantis» enda derimot opp høgare på lista enn det A-side gjorde. Somme av songane vart opphavleg meitn for eit album kalla Moon In Capricorn.

I mai 1969 produserte Mickie Most minst ei innspeling med Donovan og Jeff Beck Group. «Goo Goo Barabajagal (Love Is Hot)» (òg kalla «Barabajagal (Love Is Hot)» eller berre «Barabajaga») og «Trudi» (opphavleg «Bed with Me») var resultatet frå desse innspelingane. Det vart òg spelt inn andre songar med Donovan og the Jeff Beck Group, men dei kom først ut som bonusspor på 2005-utgåva av albumet. Rod Stewart var i bandet på denne tida, men han syng ikkje solo på nokre av songane som kom ut. Tony Newman spelar trommer.

«Goo Goo Barabajagal (Love Is Hot)» vart gjeven ut som singel i juni 1969 i Storbritannia og i august 1969 i USA. Som var tradisjon for Donovan på denne tida, vart det neste albumet hans kalla opp etter den siste hitsingelen. Med «Atlantis» og «To Susan on the West Coast Waiting» selde Barabajagal godt i USA.

Songane på albumet dekkjer alle sidene av karrieren til Donovan. Det er fleire rockesongar på albumet, som tittelsporet, «Trudi», «The Love Song» og «Superlungs (My Supergirl)». «I Love My Shirt» er ein barnesong, og det er fleire langsame songar med luftig vokal («Where Is She?», «To Susan on the West Coast Waiting») linkande For Little Ones-delen av A Gift from a Flower to a Garden. Det var under innspelinga av Barabajagal at den musikalske visjonen og arbeidsmetoden byrja å endre seg frå metodane til produsenten Mickie Most. Dei slutta etter kvart å jobbe med kvarandre, noko som gjorde at Donovan ikkje lenger fekk songar inn på listene.

«Happiness Runs» er ein kanon sungen av Donovan, Graham Nash, Michael McCartney og Lesley Duncan og vart opphavleg gjeven ut «Pebble and the Man» på Donovan in Concert. «Superlungs (My Supergirl)» vart opphavleg spelt inn under innspelinga av Sunshine Superman, men vart ikkje nytta der. Den innspelinga vart gjeven ut på Troubadour The Definitive Collection 1964 – 1976. Donovan spelte inn songen på ny for Barabajagal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Barabajagal (Love Is Hot)»   3:20
2. «Superlungs (My Supergirl)»   2:39
3. «Where Is She?»   2:46
4. «Happiness Runs»   3:25
5. «I Love My Shirt»   3:19
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Love Song»   3:14
7. «To Susan on the West Coast Waiting»   3:12
8. «Atlantis»   4:58
9. «Trudi»   2:23
10. «Pamela Jo»   4:24
Bonusspor på 2005-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Stromberg Twins»   4:40
12. «Snakeskin»   2:41
13. «Lauretta's Cousin Laurinda»   4:18
14. «Swan (Lord of the Reedy River)»   3:08
15. «Poor Man's Sunshine (Nativity)»   5:19
16. «New Year's Resolution (Donovan's Celtic Jam)»   3:16
17. «Runaway»   3:03
18. «Sweet Beverley»   2:59
19. «Marjorie (Margarine)»   3:17
20. «Little White Flower»   2:09
21. «Good Morning Mr. Wind»   2:08
22. «Palais Girl»   2:26
23. «Lord of the Universe»   3:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande på vestkysten[endre | endre wikiteksten]

  1. «To Susan on the West Coast Waiting»
  2. «I Love My Shirt»
  3. «Atlantis»
  4. «Pamela Jo»
  • James Kehn – Perkusjon, trommer
  • Gabriel Meckler – Klaverinstrument

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]