Open Road av Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Open Road
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 1970
Innspelt Oktober 1969 – 1970
Sjanger Keltisk rock
Lengd 42:19
Selskap Epic
Produsent Donovan Leitch
Kritikk
Donovan-kronologi
Barabajagal
(1968)
Open Road HMS Donovan
(1971)

Open Road er det åttande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vert òg rekna som debutalbumt til bandet Open Road. Open Road vart gjeven ut i USA noko i juli 1970 og i Storbritannia i september 1970.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha enda samarbeidet med Mickie Most under innspelinga av Barabajagal, valte Donovan å flytte tilbake til Storbritannia, trass ønska til managementet hans, som truleg mislikte dei høge skattane i landet og avstanden til den amerikanske marknaden. Der byrja han å spele inn og produsere songar for det neste albumet hans. Produksjonen til Donovan var røffare og meir organisk enn den reine og polerte produksjonen til Mickie Most på hittane hans i 1960-åra.

Med seg på innspelingane samla Donovan eit band kalla Open Road med trommeslagar John Carr, klaverspelar Mike O'Neil, og basssit og gitarist Mike Thomson. Bandet spelte ein stil som vart kalla keltisk rock av Donovan. Mange av songane på Open Road tenker over dei negative sidene med industrialiseringa og den tapte fredfullheita frå tidlegare tider. Donovan hadde vore innom dette temaet tidlegare, men dette var første gongen heile albumet var basert på dette temaet.

Etter albumet kom ut forlet Donovan Open Road for å fokusere på familien sin og gjere ferdig det neste albumet, H.M.S. Donovan. Etter å ha tapt Donovan slo Mike O'Neil, Mike Thompson og John Carr seg saman med Barry Husband på gitar og vokal og Simon Lanzon på klaverinstrument. Dei spelte inn og gav ut eit album til i 1971, Windy Daze, før dei vart oppløyst.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Changes»   2:56
2. «Song for John»   2:43
3. «Curry Land»   4:38
4. «Joe Bean's Theme»   2:52
5. «People Used To»   4:09
6. «Celtic Rock»   3:37
Side too
# Tittel Lengd
7. «Riki Tiki Tavi»   2:55
8. «Clara Clairvoyant»   2:57
9. «Roots of Oak»   4:53
10. «Season of Farewell»   3:25
11. «Poke at the Pope»   2:47
12. «New Year's Resovolution»   4:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Donovan Leitch - gitar, harp, vokal
  • Mike Thomson - bass, gitar, vokal
  • Mike O'Neill - piano, vokal
  • John Carr - trommer, vokal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]