Vepsevåk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vepsevåk

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Illustrasjon av John Gould (1804 - 1881)
Illustrasjon av John Gould (1804 - 1881)

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Slekt: Pernis
Art: P. apivorus
Vitskapleg namn
Pernis apivorus

Vepsevåk (Pernis apivorus), er ein rovfugl i den biologiske familien Accipitridae som òg inkluderer mange andre dagaktive rovfuglar som til dømes glentar, ørner og haukar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vepsevåk i glideflukt
Foto: Jo Kurz
Vepsevåk, vaksen hofugl
Foto: Rainer Altenkamp
██ hekkelokalitetar sommar██ vinterkvarter

Den 52 til 60 centimeter lange vepsevåken er større og har lengre venger, med sine 135-150 centimeter i vengespenn, jamført med den litt mindre musvåk, Buteo buteo. Han verkar å ha smalare hals med eit lite framoverretta hovud, og sveveflyg på flate venger. Han har ein lengre hale enn musvåken, vanlegvis med to smale mørke striper nære halerota og ei brei mørk endestripe på halen. Ropet er eit klårt piii-lo.

Kjønna kan skiljast på fjørdrakta, noko som er uvanleg for ein stor rovfugl. Hannen har blågrått hovud, medan hovudet til hoa er brunleg. Hoa er litt større og mørkare enn hannen.

Trass namnet, er denne arten nærare knytt til glentar av slektene Leptodon og Chondrohierax enn eigentlege våkar i slekta Buteo.

Vepsevåkegg.

Vepsevåken er ein flyttfugl med hekkeområde i det meste av Europa og vestlege Asia, og vinterkvarter i tropisk Afrika. Han er spesialisert insektetar, lever hovudsakleg på larver og kvefs som han grev opp med klørne frå bol, jamvel om han òg kan ta små pattedyr, krypdyr og fuglar. Han er einaste kjende predator på asiatisk kjempekvefs. Det er antatt at vepsevåkar har eit kjemisk avskrekkande stoff i fjørene som vernar dei frå kvefsåtak. Det spesifikke vitskaplege namnet apivorus tyder bietar, sjølv om bier er mykje mindre viktig enn kvefs i kosthaldet.

Vepsevåken har generelt habitat i skog og plantasjar og hekkar i skog. Han er usynleg bortsett frå om våren, ved oppvisingar med vengeklapping i samband med paring. Hekkande hannar er sterkt territoriale.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vepsevåken er hekkefugl i store delar av Europa, men manglar på Island, i Irland, i vestre og nordre Fennoskandia og delar av Storbritannia. På sørlege Iberia finst han berre på gjennomtrekk. Han er dessutan utbreidd i eit belte gjennom Russland austover til området mellom Ob og Jenisej.[1]

I Noreg er han utbreidd i eit smalt belte frå kysten av frå Aust-Agder nord til midtre Hedmark.[2]

Dei oppheld seg i hekkeområdet i ca. fem månader, frå mai til august. Heile populasjonen, både frå Europa og Asia, overvintrar i Afrika sør for Sahara.

Sesongmessig migrasjon[endre | endre wikiteksten]

Som langdistanseflyttfugl stolar vepsevåken på magnetisk orientering for å navigere til og frå vinterkvarter, og har dessutan eit visuelt minne om landemerke og geografiske trekk undervegs slik som fjellkjeder og elver. Denne arten følgjer presise trekkruter som unngår store område med sjøar og hav der han ikkje kan glideflyge. Følgjeleg vil store mengder vepsevåkar krysse Middelhavet over dei smalaste strekningane, slik som Gibraltarsundet, Bosporus, og gjennom Israel.

Hausttrekket[endre | endre wikiteksten]

Den skandinaviske populasjonen vandrar over Falsterbo om hausten, i perioden 1973-1990 blei det gjennomsnittleg årleg registrert 4700 vepsevåkar i trekket sørover, dei fleste frå slutten av august til byrjinga av september. Det har vore registrert opptil 2240 vepsevåkar i trekk over Falsterbo på ein dag. Dei siste passerer i slutten av september eller tidleg i oktober.[3] I åra 1986-1990 blei òg alderen registrert og viste at ungfuglar i gjennomsnitt trekk ca. ein månad seinare enn vaksne. Det er seinare stadfesta med bruk av satellittelemetrisendarar på fuglar frå Sverige. Det er òg vist at ungfuglar spreier trekket meir enn vaksne vepsevåkar,[4] slik at dei t.d. ikkje kryssar Middelhavet over smalaste Gibraltarsundet.

Det meste av populasjonen frå Sentral-Europa og Vest-Europa forlèt Europa via Gibraltarsundet, hausten 1972 blei det observert 117 000 vepsevåkar i trekk over sundet.[5] Berre ein liten del av bestanden nyttar ruta som kryssar Middelhavet til Sicilia og Cap Bon.

Ein del av den austeuropeiske populasjonen vandrar mot søraust over Bosporus, så langs austlege middelhavskysten av Aust-Tyrkia, Syria, Libanon og Israel til Afrika. Men fleirtalet av austeuropeiske og vestasiatiske vepsevåkar trekkjer sørover på austkysten av Svartehavet, deretter gjennom austlege Tyrkia, Syria, Libanon og Israel til Afrika. Den største konsentrasjonen i verda av trekkjande vepsevåkar er derfor observert over Israel. I Kefar Kassem nord for Tel Aviv blei det i perioden 1982-1987 registrert eit gjennomsnitt på 337 000 trekkfuglar om hausten,[6] og perioden 1988 til 1990 i gjennomsnitt 370 000 trekkfuglar kvar haust, dagleg inntil 84 000 individ.[7]

Vårtrekket[endre | endre wikiteksten]

Fuglar som er klekt førre året blir sjeldan observert i Europa om sommaren, desse fuglane held seg truleg hovudsakleg i overvintringsområda over første leveåret. Det er ikkje kjent når dei vaksne vepsevåkane startar trekket frå det afrikanske vinterkvarteret. Trekkruta nordover liknar truleg hausttrekket i motsett retning. Dei første vepsevåkane kjem til hekkeområdet i Mellom-Europa før utgangen av april, dei fleste kjem mellom byrjinga og midten av mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  2. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  3. L. Karlsson: Birds at Falsterbo. Lund 1993. ISBN 91-86572-20-2: S. 46, 124
  4. Newton, Ian (2010). Bird migration. London: Collins. ISBN 9780007307319. 
  5. D. Forsman: The Raptors of Europe and the Middle East – A Handbook of Field Identification. T & A D Poyser, London, 1999.: S. 30.
  6. E. Dovrat: The Kefar Kassem Raptor Migration Survey, Autumns 1977–1987: a brief summary. In: D. Yekutiel (Hrsg.): Raptors in Israel: Passage and wintering populations. Eilat, 1991: S. 13–30
  7. A. Tsovel & D. Allon: Soaring bird migration survey in the Northern Valleys of Israel, Autumns 1988–1990. In: D. Yekutiel (Hrsg.): Raptors in Israel: Passage and wintering populations. Eilat, 1991: S. 31–45

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vepsevåk