Won't Get Fooled Again
| «Won't Get Fooled Again» Singel av The Who frå albumet Who's Next |
||
| B-side | «I Don't Even Know Myself» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 25. juni 1971 | |
| Innspelt | April og mai 1971, Rolling Stones Mobile Studio, Stargroves i Berkshire i England og Olympic Studios i London | |
| Sjanger | Hardrock | |
| Lengd | 8:32 3:38 (singel) |
|
| Selskap | Polydor (UK) MCA (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
| Produsent | The Who, Glyn Johns | |
| The Who-kronologi | ||
| «See Me, Feel Me» (1970) |
«Won't Get Fooled Again» | «Let's See Action» (1971) |
«Won't Get Fooled Again» er ein song av rockebandet The Who frå albumet Who's Next i 1971. Han er skriven av Pete Townshend og kombinerer powerakkordar på gitaren med handsama orgel og synthesizer songen gjennom som skaper ein ein atmosfære som eksploderer når første verset startar.
Songen fortel om ein «revolusjon av revolusjonar» i ein endelaus syklus, der «the change it had to come, we knew it all along» («endringar måtte kome, vi visste det heile tida»), men kvart nye regime viser seg å vere akkurat som det gamle, så då er det berre å «ta gitaren og spele, akkurat som i går, så går eg ned på kne og ber om at vi ikkje vert narra igjen» («pick up my guitar and play, just like yesterday, then I'll get on my knees og pray we don't get fooled again»). Songen vart gjeven ut på singel i 1971, kraftig kutta ned til tre og eit halvt minutt. Singelen nådde niandeplass i Storbritannia og 15. plass i USA.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
|
Pick up my guitar and play Pete Townshend
|
Songen kom først ut på albumet Who's Next og har sidan dukka opp på mange andre innspelingar, mellom anna ei konsertutgåve for filmmusikken til The Kids Are Alright, ein dokumentarfilm frå 1979 om bandet. Innspelinga vart filma i Sheppterton filmstudio i 1978 og var den siste songen dei fire orignalmedlemmene skulle spele i lag.
Songen er kjend for den hakkete orgellyden opp mot powerakkordane frå gitaren som fører fram til eit lang synthesizer-mellomspel, der trommene etter kvart kjem tordnande inn at i lag med eit langt skrik frå Roger Daltrey. Townshend speler akkordar på dei to tangentbretta på eit Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 orgel frå 1968. Lyden frå orgeleg går gjennom ein lågfrekvent oscillator (LFO) som kontrollerer frekvensen til eit spenningsreguleringsfilter (VCF), med ein sinus- eller triangelforma bølgjeform. Med andre ord forvandlar synthesizeren lyden frå orgelet frå mjukt til skarpt, opp og ned automatisk. Det finst bilete av Townshend som spelar på dette instrumentet, samt ein video der han demonstrerer korleis lyden vart skapt.[1] John Entwistle nytta ein Fender Precision Bass som han sjølv lagde ut av fem andre bassgitarar, og som han passande nok kalla «Frankenstein».[2]
Den originale albumutgåva varer om lag åtte og eit halv minutt, medan ei langt kortare utgåve vart gjeven ut på singel, samt nokre samleplater, som Who's Better, Who's Best.
Dette var den siste songen som Keith Moon spelte med The Who, den 25. mai 1978 i Shepperton Studios. Songen vart spelt både på Live Aid og 20 år seinare på Live 8. Townshend samarbeiidde og i lag med den klassiske gitaristen John Williams på ei akustisk utgåve for Amnesty International-showet The Secret Policeman's Ball i 1979. Deluxe-utgåva av Who's Next (frå 2003) inneheld ei tidleg utgåve av songen med ein annan struktur go Leslie West på sologitar. Det finst fleire konsertutgåver av songen på plate. I tillegg til The Kids Are Alright-albumet finn ein konsertutgåver på deluxeutgåva av Who's Next frå Young Vic i 1971 og på Live At The Royal Albert Hall frå 2000 med Noel Gallagher som gjesteartist. Bandet spelte òg songen i 2001 på The Concert for New York City.
Roger Daltrey, John Entwistle og Townshend har alle spelt songen på solokonsertar. Townshend har radikalt omarrangert songen fleire gonger, og spelt songen i alt frå akustiske utgåver til techno.
Songen vart spelt av Van Halen på konsertalbumet deira Live: Right Here, Right Now i 1993.
Mediabruk[endre]
Film og fjernsyn[endre]
«Won't Get Fooled Again» har vorte nytta i mange filmar, mellom andre Summer of Sam, Outside Providence, Confessions of a Dangerous Mind, Bewitched, Blackball og to gonger i filmen Tenacious D in The Pick of Destiny.
Michael Moore bad om løyve til å nytte songen over rulleteksten på dokumentaren hans Fahrenheit 9/11, men han fekk det ikkje og Neil Young sin «Rockin' in the Free World» vart nytta i staden for.
«Won't Get Fooled Again» vart nytta i ein reklamefilm i 2000 for Nissan Maxima, og seinare i ein epsiode av The Simpsons («A Tale of Two Springfields»), der The Who er gjestar.
«Won't Get Fooled Again» vart kjenningsmelodien til CBS-serien CSI: Miami. Her er òg episode 2 i sesong 7 kalla «Won't Get Fueled Again». Kvar episode av serien opnar med ein teaser som vanlegvis endar med stjerna David Caruso som seier noko dramatisk før det brått vert klippa til skriket til Daltrey.
Ein episode av den populære komiserien That '70s Show heiter «Won't Get Fooled Again».
Videospel[endre]
Songen er nytta i videospelet Rock Band og vert nytta som den siste trommesongen spelaren må slå i solokarriere-modus.
Parodiar[endre]
- «Weird Al» Yankovic har spelt inn ein parodi av songen som heiter «Won't Eat Prunes Again».[3]
- TISM hadde songen som ei B-side til singelen «Honk if You Love Fred Durst» kalla «Won't Get Fooled Again, Again».
- Det kristne parodibandet ApologetiX har gjeve ut ein parodi av songen som heiter «Won't Get Born Again».
Ettermæle[endre]
- Den kanadiske klassiske rockestasjonen Q107 rangerte songen på 26. plass over dei 500 største rockesongane gjennom tidene.[4]
- Songen er vorte kalla den beste konservative rockesongen.[5]
- Musikkmagasinet Q plasserte songen på 7. plass på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.
- 17. plass på lista til VH1 over dei 100 største rockesongane[6]
- Songen var den første som vart omtalt i serien til Blender Magazine kalla The Greatest Songs Ever!.[7]
- Musikkmagasinet Rolling Stone hadde songen på 133. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
- I 2009 vart han plassert på sjetteplass av VH1 på lista over dei største hardrocksongane gjennom tidene.[8]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Won't Get Fooled Again» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ YouTube-video av Pete Townshend som demonstrer orgellyden
- ↑ http://www.thewho.net/whotabs/equipment/bass/equip-entwistlegear-67-71.html#s1967
- ↑ com-www.com/weirdal/
- ↑ Q107 Top 500 Classic Rock Songs of All Time
- ↑ John J. Miller om musikk i National Review Online
- ↑ Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Rock Songs: 1-50
- ↑ Blender Magazine
- ↑ «spreadit.org music». http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/. Henta 30. juni 2009.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |