Zebed habbát

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Zebed habbát (òg skrive Zeved habbát) (hebr. זֶֽבֶד הַבָּת) er den hovudsakleg sefardiske namneseremonien for jenter og svarar delvis til den delen av berít milá for gutar som ikkje involverer omskjering.

I askenasisk jødedom er den formelle namngjevingsseremonien for ei dotter vanlegvis berre ei enkel annonsering av faren åt den nyfødde jenta i synagogen. Ikkje-ortodokse og moderne ortodokse askenasiske jødar har i det siste skapt ulike seremoniar for nyfødde jenter inspirert av den sefardiske zebed habbát-seremonien.

Zebed habbát er vanlegvis markert i løpet av den første månaden etter fødselen og kan bli feira privat i synagogen eller med eit selskap heime. Seremonien blir gjerne leia av hakhámen (rabbinaren) eller hazzánen (kantoren).

Zebed habbát-seremonien[endre | endre wikiteksten]

Hovudelementa i seremonien er mora si takkseiing for berging (Birkat gomél); resiteringa av Høgsongen 2:14 (og, om dotra er den første dotra åt mor si, Høgsongen 6:9) og sjølve namngjevingsbøna i form av «Mi sjebberákh (immoténu)» (sjå nedanfor). Tilleggselement kan inkludere Davidssalme 128 og Birkat kohaním (Prestesigninga).

Namngjevingsbøn for dotter[endre | endre wikiteksten]

Orda i parentes blir sagde i den marokkanske tradisjonen, men ikkje i London-tradisjonen.

מִי שֶׁבֵּרַךְ (אִמּוֹתֵינוּ) שָׂרָה וְרִבְקָה. רָחֵל וְלֵאָה. וּמִרְיָם הַנְּבִיאָה וַאֲבִיגַיִל. וְאֶסְתֵּר הַמַּלְכָּה בַּת אֲבִיחַיִל. הוּא יְבָרֵךְ אֶת הַיַּלְדָּה הַנְּעִימָה הַזּאת. וְיִקָּרֵא שְׁמָהּ (בְּיִשְׂרָאֵל) פלונית. בְּמַזַּל טוֹב וּבְשַׁעַת בְּרָכָה. וִיגַדְּלֶהָ בִּבְרִיאוּת שָׁלוֹם וּמְנוּחָה. וִיזַכֶּה לְאָבִיהָ וּלְאִמָּהּ לִרְאוֹת בְּשִׂמְחָתָהּ וּבְחֻפָּתָהּ. בְּבָנִים זְכָרִים. עשֶׁר וְכָבוֹד. דְּשֵׁנִים וְרַעֲנַנִּים יְנוּבוּן בְּשֵׂיבָה. וְכֵן יְהִי רָצוֹן וְנאמַר אָמֵן׃

Omsetjing: “Den som signar (mødrene våre,) Sara og Rebekka, Rahel og Lea og profeten Miriam og Abigajil og dronning Ester, dotter av Abihajil — Han signe denne elska jenta og late namnet hennar (i Israel) vera ... [fornamnet åt jenta] med god lukke og i ein signa time; og må ho vakse opp med god helse, fred og ro; og må far hennar og mor hennar få sjå gleda hennar og bryllupet hennar og søner, velstand og ære; og vere dei frisk til alderdoms; og vere dette [Guds] vilje, og sei de: Amen!”.

Askenasiske ritual[endre | endre wikiteksten]

I tradisjonell askenasisk jødedom blir faren kalla opp til Toráen anten neste gong Toráen blir lesen i synagogen (måndag, torsdag og laurdag, og dessutan ved nymåne og på faste- og heilagdagar) eller, i nokre tradisjonar, den første sjabbáten etter at jenta vart fødd. Namnet blir så annonsert. Dette er skikken blant alle ultraortodokse og hasidiske askenasiske jødar. Nokre held ei privat eller offentleg feiring som på jiddisch blir kalla kiddesj for familie og vener anten heime eller i synagogen. Dei som har denne skikken reknar dette som ei viktig handling som aukar den framtidige mazzl (lukka) åt den nyfødde jenta. Gjestane ønskjer faren eller foreldra: תִּזְכּוּ לְגַדְלָהּ לְתוֹרָה לְחֻפָּה וּלְמַעֲשִׂים טוֹבִים — «Må de oppnå å oppdraga henne til (å følgje) Toráen, til huppá (bryllupsbaldakinen) og til gode gjerningar!» Nokre skyt òg inn «og til å gifte seg med ein son av Toráen».

Endringar i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I dei siste årtia har mange askenasiske jødar utvikla ei namngjevingsseremoni for jenter som oftast blir kalla simhat bat (feiring av dotra) eller berít bat (pakta åt dotra). Denne seremonien er framleis laus i kantane, men har vorte vanleg i dei fleste retningane av askenasisk jødedom. Ulike former av dette ritualet blir bruka i moderne-ortodoks jødedom, konservativ jødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. Denne nyare seremonien blir avvist av den ultraortodokse harediske jødedommen.

Feiringa inneheld typisk sett ei offentleg velkomsthelsing, ei namngjeving gjort over eit glas vin med sitat av passande bibelvers og tradisjonelle signingar. Kvinneleg omskjering er strengt forbode i jødedommen, men blant dei askenasiske jødane som utfører dette ritualet ser ein på ritualet som delvis parallelt med omskjeringsseremonien for jødiske gutar.

Konservativ jødedom[endre | endre wikiteksten]

I Moreh Derekh, rabbinarhandboka åt den amerikanske konservative jødedommen sin rabbinske hovudorganisasjon, er ein seremoni skissert med utgangspunkt i tradisjonelle former og med ein del valfrie element som foreldra kan velja å inkludere:

  1. Tenne sju lys som symbol på dei sju dagane av skapingsforteljinga, og å halde jenta opp mot dei; eller
  2. svøype jenta inn i dei fire hjørna av ein tallét (bønesjal);
  3. lyfte opp jenta og late hendene hennar røre ved ein torárull.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Zebed habbát[endre | endre wikiteksten]

  • Herbert C. Dobrinsky: A treasury of Sephardic laws and customs : the ritual practices of Syrian, Moroccan, Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America. Revised edition. Hoboken, NJ (Ktav); New York, NY (Yeshiva Univ. Press), 1988. (Side 3-29.)
  • Book of prayer of the Spanish and Portuguese Jews' Congregation, London. Volume One: Daily and occasional prayers. Oxford (Oxford Univ. Press, Vivian Ridler), 5725 - 1965. (Side 180.)

Askenasiske skikkar[endre | endre wikiteksten]

  • «Namegiving», i A guide to Jewish religious practice, av Isaac Klein. New York (JTS), 1979. (Side 429.)
  • «Berit Benot Yisrael», i Ḥadesh Yameinu = Renew our days : a book of Jewish prayer and meditation, edited and translated by Rabbi Ronald Aigen. Montreal (Cong. Dorshei Emet), 1996. (Side 228-233.)
Jødisk livssyklus
Fødsel: namn berít milá zebed habbát pidjón habbén

Pubertet: bar misvá bat misvá bat hajil konfirmasjon

Vaksen: rituell reinsing i jødedommen bøner og signingar Torástudium kvinnerolla seniút (blygskap) alijá

Ekteskap: sjiddúkh (finne partnar) ketubbá (bryllupskontrakt) bryllup skilsmisse syn på ekteskapet niddá

Sjukdom og heiling: rogativa (forbøn) birkat gomél (takkseiing for berging)

Død: gravferd sørgjeveke kaddísj nahalá (jahrzeit) minnebøn (S) minnegudsteneste (A)