Sjeḥitá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥīṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét.

Dyra skal vera friske og uskadde før slaktinga finn stad. Slaktemåten er om lag den same som muslimsk halál-slakting; og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar.

To omsyn er avgjerande for korleis sjehitá blir utført: Forbodet mot å eta blod og respekten for alt liv.

Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans. For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.

Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut.

(3. mos. 17:10–14)

Illustrasjon frå 1400-talet av sjehitá. Merk at dette biletet har sett saman fleire scener — ein vil normalt ikkje slakte fleire dyr saman.

Dei grunnleggjande reglane for sjeḥitá er:

  • Vis omsyn: Ein skal ikkje slakte noko dyr med andre dyr til stades.[treng kjelde]
  • Unngå smerte: Slakting skal berre skje med ein skalpellskarp kniv med heilt glatt blad i eitt enkelt, raskt, beint og djupt snitt over strupen som ikkje riv opp huda eller kjøtet (for å unngå smerte).[1] Alle andre slaktemåtar: slag (inkludert svimeslag), giftinjeksjon, skot, kverking, drukning, kveling og liknande er strengt forbodne.
  • Raskt medvitstap er viktig: Ein skjer over halspulsåra, luftrøyret og matrøyret i eitt raskt kutt (for å unngå smerte)[1] — dermed går oksygentilførselen til hjernen svært raskt ned, og dyret mister medvitet før smerten når hjernen.
  • Blodet må forlata dyret: Alt blod er totalforbode å eta etter jødisk religion. Når dyret har mista medvitet, heiser ein gjerne dyret opp etter bakbeina for å lata blodet forlata dyret så snart og effektivt som mogleg.

Da Tempelet i Jerusalem stod, vart blodet av dei dyra (storfe og småfe) som vart ofra der brent på altaret. Av andre dyr — slik som hjortedyr og anna tahór (reint) vilt — skal ein lata blodet renne direkte i jorda att, og ein skal dekkje over blodet med støv eller jord. Dette er òg praksis for storfe og småfe i dag.

For å vera sikker på at alt blodet er ute av kjøtet, må kjøtet saltast og vaskast før ein brukar det til mat. Dette må skje innan 36 timar, og i alle fall føre ein frys kjøtet. Dette treng ein likevel ikkje å gjera om ein skal grille det.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 “[...] the Law enjoins that the death of the animal should be the easiest. It is not allowed to torment the animal by cutting the throat in a clumsy manner, by poleaxing, or by cutting off a limb whilst the animal is alive.” (Maimonides: Dalālat al-ha’irīn. Omsetjing frå The Guide for the perplexed (transl. by M. Friedländer). New York : Dover, 1956.)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]