Ålhus kyrkje
Ålhus kyrkje | |
kyrkje | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Jølster |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Sunnfjord |
Sokn | Ålhus |
Fellesråd | Jølster |
Type | Langkyrkje |
Innvigd | 1795 |
- Endringar | 1868: bordkledd 1933: påbygd sakristi |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Sitjeplassar | 250 |
Wikimedia Commons: Ålhus kyrkje | |
Ålhus kyrkje står på Ålhus i Jølster kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje frå 1795.[1]

Kyrkja vart restaurert i 1868, då vart kyrkja bordkledd og kvitmåla og vindaugene vart gjord høgare. I 1871 vart det bygd galleri og veggene innvendig vart gulmåla medan taket vart måla kvitt. Sakristi vart bygd til i 1933. I perioden 1947-1951 vart kyrkja restaurert, då vart mellom anna gulmålinga teken bort att frå veggene.[1]
Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen.[1] Altartavla, altaret, døypefonten, ei kyrkjeklokke og preikestolen vart flytt over frå stavkyrkja og er framleis i bruk. Altaret er i kleberstein og har gøymerom for relikviar.[2]
Også døypefonten er frå mellomalderen, medan altartavla er ein kopi etter Rubens og vart gjeven til kyrkja i 1691.[3] I våpenhuset står det ei gammal dør som det vert sagt at er frå borga til Audun Hugleikson.[1] Gravstaden til målaren Nikolai Astrup er på kyrkjegarden ved kyrkja.[1]
Ålhus kyrkje er soknekyrkje i Ålhus sokn i Sunnfjord prosti. Fram til Vassenden kyrkje vart vigsla i 2002 var ho einaste kyrkja i soknet.
Far til målaren Nikolai Astrup var sokneprest i Ålhus, og Astrup vaks opp på prestegarden ved kyrkja. Mange bilete av Astrup har inspirasjon frå oppveksten og ungdomstida på prestegarden.[4]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Hermund Kleppa: «Ålhus kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Vitja 27. desember 2008
- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. Teksten «ISBN 82-7527-022-7 » er ignorert (hjelp) [«Ålhus kyrkje» på s. 339]
- ↑ ««Ålhus kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 27. desember 2008
- ↑ Loge, Øystein (1986). Gartneren under regnbuen: hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup. Oslo: Dreyer. ISBN 8209103571.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Øvrebø, Egil og Oddleiv Apneseth, Ålhus kyrkje. Utg. Ålhus sokneråd. ISBN 82-993444-0-9. 109 s. Ill.
- Om Ålhus sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Ålhus kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Jølster kommune på nettstaden disnorge.no
- Vis Ålhus kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Kyrkjer i tidlegare Jølster prestegjeld | |
---|---|
Helgheim · Vassenden · Ålhus |
Kyrkjer i Sunnfjord prosti | |
---|---|
Askrova · Askvoll · Batalden · Bjordal · Bulandet · Bygstad · Bø · Dale · Eikefjord · Florø · Folkestad · Førde · Guddal · Haukedalen · Helgheim · Hellevik · Hestad · Holmedal · Holsen · Hyllestad · Høyanger · Kinn · Kvammen · Kyrkjebø · Lavik · Naustdal · Nordal · Ortnevik · Sande · Stavang · Stongfjorden · Vadheim · Vassenden · Vevring · Viksdal · Vilnes · Værlandet · Øn · Ålhus |