Førde kyrkje i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°27′21″N 5°51′43″E

Førde kyrkje
kyrkje
Førde kyrkje2.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Førde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Førde
Fellesråd Førde
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 1. oktober 1885
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: Førde kyrkje

Førde kyrkje står på Skei i Førde i Førde kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1885.

Førde kyrkje i Sunnfjord is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Førde kyrkje

Bygget vart førd opp etter teikningar av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan og har sitjeplassar til 600 personar.[1]

Førde kyrkje er soknekyrkje i Førde sokn i Sunnfjord prosti. Det har vore kyrkje på staden sidan 1100–1200-talet.[1]

Altartavla[endre | endre wikiteksten]

Altartavla er frå 1643 og er av dei aller mest verdfulle barokktavlene ein har i Noreg.[1] Tavla vart skjenka av sokneprest og prost Peder J. Finde. Ho vart ikkje sett inn i kyrkja då ho stod ny i 1885, for planen var å få laga ei ny altartavle. Barokktavla var i staden lagra på skuleloftet. Det gjekk heilt til 1925 før ho kom på plass i kyrkja, og då var det ukjende personar som på eiga hand flytte henne dit utan at presten og kyrkjelyden elles visste noko om det før dei kom i kyrkja og fann altartavla der.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Skilt ved porten til kyrkja
Foto: Eirik U. Birkeland

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]