Kinn kyrkje i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°34′1″N 4°45′19″E

Kinn kyrkje
kyrkje
Kinn.kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Flora
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Kinn
Fellesråd Kinn
Type Langkyrkje
Material Stein
Wikimedia Commons: Kinn kirke

Kinn kyrkje ligg på øya Kinn i Flora kommune i Sogn og Fjordane og vart bygd i tida 1150-1200. Kyrkja vart modernisert i 1868 og prøvd attendeført i 1911-1912. Kyrkja er hovudsakleg bygd i stein, i to byggjesteg. Ho er freda.

Kinn kyrkje i Sunnfjord is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kinn kyrkje i Sunnfjord
Kinn kyrkje rundt 1910

Kyrkja ligg vêrhardt til ut mot storhavet på nordvestsida av øya, og har vore sett i samband med Sankta Sunniva-legenda. I fylgje segna var ei prinsesse Borni del av fylgjet til Sunniva som flaug Irland for å kome unna giftarmål med ein heidensk viking, og Borni og hennar del av fylgjet dreiv i land på Kinn.

Kinn kyrkje ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]