Bygstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°22′51″N 5°39′57″E

Bygstad kyrkje
kyrkje
Bygstad Church.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gaular
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Bygstad
Fellesråd Gaular
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow
Innvigd 2. november 1845
 - Endringar Flytt i 1939
Altartavle Frå kring 1620
Sitjeplassar 300
Wikimedia Commons: Bygstad kyrkje

Bygstad kyrkje står på garden Eide i Bygstad i Gaular kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje.[1]

Bygstad kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Bygstad kyrkje

Kyrkja vart sett opp på garden Bygstad i 1845 og vigsla 2. november det året. Ho vart bygd etter typeteikngar av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1]

I 1939 vart kyrkja flytt til garden Eide og påbygd sakresti og kor. Kyrkja vart vigsla på nytt 11. oktober 1939.[1]

Då kyrkja vart bygd i 1845 erstatta ho ei stavkyrkje frå 1200-talet.[2]

Kyrkja er soknekyrkje i Bygstad sokn i Sunnfjord prosti.

Fram til 1755 var Gaular del av Holmedal prestegjeld. Då vart prestegjeldet deld i Ytre og Indre Holmedal. Indre Holmedal prestegjeld skifta namn til Gaular i 1911.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen. ««Bygstad kyrkje» på nettstaden til Fylkearkivet i Sogn og Fjordane».  Parameteren |kjelde= er ikkje støtta av malen. (hjelp) Vitja 25. desember 2005
  2. ««Bygstad kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Parameteren |kjelde= er ikkje støtta av malen. (hjelp) Vitja 25. desember 2008
  3. ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket».  Vitja 25. desember 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]