Værlandet bedehuskapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°18′40″N 4°43′52″E

Værlandet bedehuskapell
kapell
Værlandet Bedehuskapell.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Askvoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Askvoll
Fellesråd Askvoll
Arkitekt Torgeir Alvsaker
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 30. oktober 1960
Kyrkjegard Sør på øya
Sitjeplassar 178
Wikimedia Commons: Værlandet bedehuskapell

Værlandet bedehuskapell står på Leiteneset i Værlandet i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, og er eit kapell frå 1960.

Værlandet bedehuskapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Værlandet bedehuskapell

Kapellet er teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker og vart til stor del sett opp ved dugnadsinnsats frå bygdefolket. Det er bygd i gul teglstein.

Altartavla frå 1959 viser Peter i stormen på Genesaretsjøen og er måla av Wilhelm Bjørknes. Værlandet fekk eigen gravplass i 1938. Gravplassen ligg sør på Værøyna, eit stykke unna kapellet.[1]

Kapellet høyrde fram til 2006 til Vilnes sokn, men då vart sokna i Askvoll ihopslegne til eitt, og no høyrer Værlandet til Askvoll sokn. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 låg ho i Askvoll prestegjeld.

I 2014 vedtok soknet å klegge ned kapellet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Red: Alf Henry Rasmussen – «Værlandet bedehuskapell» på s. 334 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]