Lavik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 61°6′14″N 5°30′6″E

Lavik kyrkje
kyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Høyanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Lavik
Fellesråd Høyanger
Type Oktagon kyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 10. desember 1865
Wikimedia Commons: Lavik kirke

Lavik kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1865 i bygda Lavik på nordsida av Sognefjorden i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane.

Lavik kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Lavik kyrkje

Kyrkja vart førd opp etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og er i tre.

Dagens kyrkje er den tredje kjende på staden. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg var frå 1100-talet. Stavkyrkja vart avløyst av ei ny kyrkje i 1594, denne var vorten for lita på 1860-talet og vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.

Tidlegare kom mange i båt til kyrkja. Det er kort veg frå fjøresteinane til kyrkjedøra.

Kyrkja er soknekyrkje i Lavik sokn i Sunnfjord prosti. Før 1807 låg kyrkja under Eivindvik prestegjeld og fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Lavik prestegjeld.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]