Guddal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°14′46″N 5°31′46″E

Guddal kyrkje
kyrkje
Guddal kyrkje 01.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Fjaler
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Fjaler
Fellesråd Fjaler
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 25. september 1870
Sitjeplassar 135
Wikimedia Commons: Guddal kyrkje

Guddal kyrkje står i Guddal søraust i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje som plar daterast til 1870, sjølv om delar av kyrkja er frå 1686.[1]

Guddal kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Guddal kyrkje

For å oppfylle krava til kor mange kyrkja skulle ha plass til vart gamlekyrkja utvida i både lengda og høgda i 1870. Samstundes fekk heile bygget ny kleding og det vart lagd nytt golv og panel inne, og kyrkja fekk tårn. 25. september 1870 vart kyrkja vigsla på nytt. Til jubileet i 1970 vart kyrkja pussa opp igjen.[2]

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Guddal, denne vart truleg riven på 1600-talet.[1]

Guddal kyrkje høyrer til Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Guddal var tidlegare eit eige kyrkjesokn [3], men sokna i det tidlegare prestegjeldet er no ihopslegne til eitt sokn.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]