Vassenden kyrkje
Utsjånad
| Vassenden kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Sunnfjord | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Ålhus | ||
| Fellesråd | Jølster | ||
| Arkitekt | Per W. Skarstein | ||
| Material | Leca | ||
| Innvigd | 22. september 2002 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Altartavle | Av Jørleif Uthaug, frå 1992 | ||
| Sitjeplassar | 400 | ||
![]() Vassenden kyrkje 61°29′26″N 6°06′50″E / 61.4906°N 6.1139°E | |||
| Wikimedia Commons: Vassenden kyrkje | |||
Vassenden kyrkje står på Vassenden i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei arbeidskyrkje frå 2001.[1]
Kyrkja er teikna av arkitekt Per W. Skarstein og vart sett opp på dugnad av Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter [1] Ho er bygd i kvitpussa lecastein, og taket har form som ein skeiv pyramide med tårn over over austre enden. Kyrkja vart vigsla 22. september 2002, og har status som kapell i Ålhus sokn.[1] Det har vore kyrkjegard på staden sidan 1930.[1]
Altartavla viser Jesu himmelferd og Jerusalem og er måla av Jørleif Uthaug. Ho var eigentleg tinga til Holsen kyrkje i Førde, men der ville ikkje kyrkjelyden ha henne då det kom til stykket, og difor fekk dei overta henne på Vassenden.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal og Oskar Andersen (2000). På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1: Nordfjord og Sunnfjord. Førde: Selja. s. 242–243. ISBN 82-91722-13-7.
- «Vassenden kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Arkivert 2017-01-09 ved Wayback Machine.
- Kyrkja i Jølster[daud lenkje]
