Holmedal kyrkje i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°21′32″N 5°11′14″E

Holmedal kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Fellesråd Askvoll
Sokn Askvoll
stad Holmedal i Askvoll
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Christie[1]
Material Tre
Innvigd 24. november 1868
Tårn Vesttårn
Skip Midtskip, to sideskip[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå ca. 1620
Sitjeplassar 432

«Som De vil se er Skibet delt i tre Dele, et høiere Midparti i hvilket alle Vinduerne anbringes, og to lavere Sidepartier Hvorved blir saavel Tag som Vegfladerne mindre. Hvorved Stormen faar mindre Husmasse at virke paa. De høit oppe paa Væggene anbrakte Vindues Rækker give Kirken et sterkt Lys fra oven, hvilket ogsaa bidrager til at give det hele et mer kirkeligt og ophøiet Præg.»

Brev frå Christie i 1866.

Holmedal kyrkje er teikna av Christian Christie og vart bygd i 1868. Kyrja står i Holmedal, ei grend i Askvoll kommune i Sunnfjord.

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til grensebrigdet mellom Askvoll og Fjaler kommunar i 1990 høyrde ho til Fjaler, og fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Askvoll prestegjeld.

Tavla[endre | endre wikiteksten]

Tavla i kyrkja er frå ca. 1620 og er pryda med tre målte felt med bibelmotiv og bibelsitat. Ho vart flytt over frå den førre kyrkja som stod der frå ca. 1600.

Eldre kyrkjebygg[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja som no står i Holmedal er den tredje kyrkja som står der. Det har truleg stått ei stavkyrkje der frå 1200-talet, første gong nemnd i 1305. Den eldste kyrkjeklokka i kyrkja i dag kjem truleg frå denne kyrkja. Kring 1600 vart det bygd ei ny kyrkje med eit kyrkjeskip på 16 x 10 meter og med kor på 6 x 7 meter. Denne kyrkja skal ha vore rosemåla innvendes, men ho var skrøpeleg bygd og måtte fleire gonger rettast opp etter storm. Ho vart riven då den nye kyrkja vart bygd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]