Viksdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°21′4″N 6°6′53″E

Viksdalen kyrkje
Viksdalen kyrkje.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Sunnfjord
Fellesråd:  Gaular
Sokn:  Viksdalen
Innvigd:  5. november 1848
Endringar:  1889 og 1938/39
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Tømra
Kyrkjerommet
Plassar:  284
Commons-logo.svg
Viksdalen kyrkje på Commons

Viksdalen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1848 i Viksdalen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Byggverket er i tømmer og har 284 plassar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det stod opphavleg ei kyrkje frå ca. 1620 på den same grunnmuren som Viksdalen kyrkje står på i dag. Denne gamle kyrkja hadde ei total renovering i 1847 og 1848. Måla vart stort sett slik dei var før renoveringa, og mykje av materialet frå den gamle kyrkja vart brukt i den nyrenoverte kyrkja. Kyrkja vart likevel rekna som ny, og ho vart vigsla 5. november 1848. Kyrkja vart bygd med den nye kyrkja i Bygstad som modell, men ein veit ikkje sikkert korleis kyrkja såg ut på innsida. Altartavla og altaret vart med frå den gamle kyrkja.

I 1889 vart kyrkja atter ein gong ombygd, ho fekk då spir. Fram til 1889 hadde ho hatt tårnhjelm etter modell av kyrkja i Bygstad. Koret vart også bygd i 1889. Benkane og galleriet vart måla gule og altartavla vart måla i raudt, blått, brunt, grønt og kvitt.

I 1938 vart det bygd sakristi og konfirmantrom i vinkel ut frå koret. Også i 1939 pågjekk det ombygging, då vart kortaket gjort om til ei kvelving, benkane fekk heil rygg og golvet i midtgangen vart heva. Målet med denne restaureringa var å gje kyrkja det preget den hadde før 1889.

Fram til 1960 heitte kyrkja Vik kyrkje, men i 1960 skifta både kyrkja og soknet namn til Viksdalen, hovudsakleg for å sleppe samanblanding med Vik i Sogn.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altartavle[endre | endre wikiteksten]

Altartavla i Viksdalen kyrkje før ei gudsteneste

Altartavla er frå ca. 1620. Det er ei tredelt renessansetavle med rik ornamentikk. På baksida av tavla er det skore inn tala 1734 og bokstavane SHK. Truleg er dette signaturen til personen som målte tavla, ei tilsvarande altartavle i Bygstad vart målt dette året. Tavla vart restaurert i 1939.

Altarbord[endre | endre wikiteksten]

Altarbordet er fra ca. 1600, med dekor frå 1590-åra.

Preikestol[endre | endre wikiteksten]

Preikestolen er frå 1848, men vart i 1939 ombygd for å passe betre med altartavla.

Døypefont[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten er frå 1848, og har dåpsfat frå slutten av 1500-talet.

Kyrkjeklokker[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja fekk ny kyrkjeklokke i 1998, i samband med 150-årsjubileet. I tillegg står den gamle kyrkjeklokka i våpenhuset i kyrkja, denne klokka er frå 1534.

Steinkors[endre | endre wikiteksten]

kyrkjegarden vart pløygd opp på 1950-talet, fann ein to gamle steinkors. Desse vert no oppbevart inne i kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Viksdalen kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 16. desember 2008. Der vert desse kjeldene oppgjevne:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]